Campylobacter jejuni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Campylobacter jejuni
Campylobacter jejuni
Campylobacter jejuni
Systematikk
Domene: Bakteriar Bacteria
Rike: Pseudomonadati
Rekkje: Pseudomonadota
Klasse: Epsilonproteobacteria
Orden: Campylobacterales
Familie: Campylobacteraceae
Slekt: Campylobacter
Art: C. jejuni
Vitskapleg namn
Campylobacter jejuni

Campylobacter jejuni er ein spiralforma gramnegativ bakterie. Han kan valda gastroenteritt og er den vanlegaste årsaka til bakterievalda diaresjukdomar på verdsbasis. Etter infeksjon kan han òg valda sjukdomar som Guillain-Barré-syndrom, reaktiv artritt og irritabel tarm-syndrom.[1][2]

Ei sekvensering av genomet til C. jejuni vart publisert i 2000. Det var på 1 641 481 basepar og hadde ingen innsetjingssekvensar eller sekvensar knytte til bakteriofagar, og hadde særs få repeterande sekvensar. Genomet vart estimert til å koda for 1 654 protein.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Iovine, Nicole M. (2014). «Resistance mechanisms in Campylobacter jejuni». Virulence 4 (3): 230–40. PMC 3711981. PMID 23406779. doi:10.4161/viru.23753. 
  2. 2,0 2,1 Parkhill, J.; Wren, B. W.; Mungall, K.; Ketley, J. M.; et al. (2000). «The genome sequence of the food-borne pathogen Campylobacter jejuni reveals hypervariable sequences». Nature 403 (6770): 665–8. PMID 10688204. doi:10.1038/35001088. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.