Guiro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein cubansk guiro

Guiro er eit latinamerikansk perkusjonsinstrument, spesielt utbreidd i kubansk folke- og populærmusikk, og musikkformer som er i slekt med desse.

Guiroen består i den tradisjonelle forma av ein uthola kalebass (graskar med hardt skal), der det er skore inn riller på ei av sidene. Ein bruker så ei stikke eller ein pinne for å stryka over desse rillene, og får med det ein skrapande og gjennomtrengande lyd.

Moderne guiroar blir gjerne produsert i tre, metall eller plast.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]