Guiyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For fylket i Hunan, sjå Guiyang i Chenzhou.
贵阳
(pinyin Guìyáng)
Tidlegare namn Trad. 貴陽, tidlegare transliterasjonar Kueiyang, Kweiyang
Utsyn frå Miracle Hotel i Guiyang.
Utsyn frå Miracle Hotel i Guiyang.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Guizhou
Geografi
Flatevidd
 - By

8034 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

3,930,000
  489.2/km²
Koordinatar 26°35′″N 106°43′″EKoordinatar: 26°35′″N 106°43′″E
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 550000
Telefon-retningsnummer +86-851
Nettstad: gygov.gov.cn
Plassering
Plassering av  Guiyang

Guiyang er ein kinesisk storby og byprefektur som er hovudstad i provinsen Guizhou sør i Kina. Befolkninga innan bygrensene er rekna (2004) til 1 161 000, medan heile prefekturet hadde 3,93 millionar innbyggjarar i 2008.

Guiyang ligg langs hovudvegen mellom Kunming og Chongqing, 32 mil sør for den sistnemnde. Byen har vore eit jernbaneknutepunkt sidan 1959.

Byen er eit industrisenter. Her vert det produsert blant anna tekstilar, kunstgjødsel, maskinreiskapar, petroleum, gummiprodukt som bildekk, sement og papir. Viktige kol- og bauxittgruver ligg i nærleiken, og dannar grunnlag for mykje av industrien.

Guyan har eit universitet grunnlagd i 1983 og fleire høgskular.

Administrative eningar[endre | endre wikiteksten]

Guiyang består av seks bydistrikt, tre fylke og eitt byfylke:

  • Bydistriktet Nanming (南明区), 89 km², ca. 490 000 innbyggjarar (2003)
  • Bydistriktet Yunyan (云岩区), 68 km², ca. 560 000 innbyggjarar (2003)
  • Bydistriktet Xiaohe (小河区), 38 km², ca. 110 000 innbyggjarar (2003)
  • Bydistriktet Huaxi (花溪区), 986 km², ca. 320 000 innbyggjarar (2003)
  • Bydistriktet Wudang (乌当区), 962 km², ca. 290 000 innbyggjarar (2003)
  • Bydistriktet Baiyun (白云区), 260 km², ca. 170 000 innbyggjarar (2003)
  • Fylket Kaiyang (开阳县), 2 026 km², ca. 420 000 innbyggjarar (2003)
  • Fylket Xiuwen (修文县), 1 076 km², ca. 290 000 innbyggjarar (2003)
  • Fylket Xifeng (息烽县), 1 037 km², ca. 250 000 innbyggjarar (2003)
  • Byfylket Qingzhen (清镇市), 1 492 km², ca. 500 000 innbyggjarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]