Hopp til innhald

Kunstgjødsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NPK-gjødsel med 8 % nitrogen, 8 % fosfat og 8 % kalium.

Kunstgjødsel er kjemisk framstilt plantenæring.

Kunstgjødsel inneheld plantenæring i form av uorganiske sambindingar som nitrat (NO3-), ammonium (NH4+) og fosfat (PO43-). Sidan denne plantenæringa er i ei form som er lettløyseleg i vatn, kan plantane lett nyttiggjere seg næringsemna, men dei har samtidig lett for å bli utvaska med sigevatn eller for å fordunste til lufta.

Fullgjødsel inneheld ei blanding av nitrogen (N), fosfor (P), og kalium (K) og vert kalla NPK-gjødsel; nemninga vert dessuten tilføyd ein talkombinasjon slik at NPK-fullgjødsel 21 - 4 - 10 er samansett av 21 % nitrogen, 4 % fosfor og 10 % kalium.

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Yara International er blant verdas største produsenter av kunstgjødsel, og har i Noreg produksjon på Herøya og i Glomfjord.

Produksjon av kunstgjødsel skjer gjennom Haber-Bosch-prosessen, som lager ammoniakk med elektrisitet gjennom reaksjon mellom hydrogen frå naturgass og nitrogen frå luft. Produksjonen skjer i to trinn, hydrogenseparasjon og ammoniakksyntese. Ammoniakken vert deretter nytta til å laga nitrat i lag med andre grunnstoff. Kunstgjødsel vert gjerne tilsett andre grunnstoff ut frå kva bruksområde han skal ha. Ulike plantesortar har ulike behov for mineralsk/uorganisk næring.

Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.