Gullars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regnbuebyen i Bergen der serien vart filma.

Gullars er ein kjend Barne-TV-serie laga av Ole-Bjørn Kringstad, opphavleg send på NRK frå 1983 til 1989.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Handlinga var lagt til «Regnbuebyen» Bergen, der den gule fuglen Gullars, som med eit brak gjekk gjennom taket og hamna i huset til Marianne. Der blei han buande i Marianne si fiolinkasse.

Ein hyppig gjest hjå dei to var «Indigo» - den poetiske og fargerike mannen som budde i eit bosspann like ved. Eit fast segment i programserien var også borna i gata, som i sine regnklede song og dansa til ulike barnemelodiar. Kjende personar som Sissel Kyrkjebø, Jan Eggum og Trond-Viggo Torgersen var gjester i serien. Gullars kan seiast å vere kjend for sin særdeles masete veremåte, og tenkjer seg lite om før han gjer ting.

Ein av dei mest kjende scenene frå Gullars var då Gullars ville stikke av, og for å vise Marianne at han hadde stukke av, la han fram eggeskal og ein rømmeboks – ein rebus for «eg skal rømme».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Indigo, Indigo ta meg med
til en regnbue langt av sted.
Under en paraply vil vi fly
helt til en annen by.

  • Marianne - Marianne Persson Franck
  • Indigo - Tor Gundersen
  • Gullars - Geir Amundsen
  • Barn frå Mariannes musikkbarnehage
  • Ide og regi - Ole-Bjørn Kringstad

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]