Gunn-Elin Aa. Bjørneboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunn-Elin Aa. Bjørneboe
Fødd6. april 1956
NasjonalitetNoreg
Yrkelege, professor
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø

Gunn-Elin Aasprong Bjørneboe (fødd 6. april 1956) er ein norsk lækjar. Ho har vore universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo sidan 2007.

Bjørneboe er utdanna cand.med. ved Universitetet i Oslo i 1983. Ho vart dr.med. same stad i 1987, og kandidat i helseadministrasjon i 1990.

Ho har vore stipendiat ved Statens rettstoksikologiske institutt og forskar ved Institutt for ernæringsforskning ved UiO. Sidan har ho vore administrativ leiar i Statens ernæringsråd, direktør i Statens ernæringsråd og hatt ulike direktørstillingar i Sosial- og helsedirektoratet.

Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er professor II ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø og professor II ved Avdeling for ernæringsvitskap ved UiO.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]