Gunvald Engelstad
| Gunvald Engelstad | |||
| | |||
| Fødd | 10. mai 1900 Øksendal kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 18. september 1972 (72 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, fagforeiningsleiar | ||
| Alle verv |
| ||
Gunvald Engelstad (10. mai 1900–18. september 1972) var ein arbeidsmann frå Øksendal på Nordmøre, stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag i tida 1945-65, vald for Arbeidarpartiet.
Engelstad var son til ein gardbrukar og smed. Etter han var ferdig med framhaldsskulen, arbeidde Engelstad på gard og gjekk 1915-16 i smedlære. Frå 1920 var han smed ved ulike anlegg. Ut på 1920-talet var han i arbeid i Nord-Trøndelag, der han så var reparatør ved Follafoss Tresliperi frå 1925 til -40 og smed i vegvesenet 1940-43.
Frå andre halvdel av 1920-åra var Engelstad formann i Verran-avdelinga av ]]Norsk Arbeidsmandsforbund]] og Norsk Papirindustriarbeiderforbund. Han var elles formann i Verran AUF 1928-33, Inntrøndelag AUF 1929-40 og Verran arbeiderparti 1931-34. Perioden 1938-40 var han landsstyremedlem i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF).
Engelstad var ordførar i Verran 1935-40. I 1943 vart han arrestert av den tyske okkupasjonsmakta, og sat fengsla på Falstad, Vollan og Grini fram til frigjeringa i mai 1945. Allereie under fangenskapet på Grini stod han sentralt i å gjenreise partiorganisasjonen i Trøndelags-fylka. Frå mai 1945 var han ordførar i Verran til det vart halde kommuneval hausten 1945.
Frå 1945 til -65 representerte Engelstad Arbeidarpartiet og Nord-Trøndelag på Stortinget. På Tinget var han med i Finans- og tollkomitéen dei fire fyrste sesjonane. Frå 1950 var han fast plassert i Skog-, vassdrags- og industrikomitéen til han forlet Stortinget i 1965. Engelstad var elles styremedlem i A/S Fosdalens Bergverk 1946–1970, dei siste 18 åra som nestformann.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1900
- Døde i 1972
- Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Stortingsrepresentantar 1961-1965
- Ordførarar i Verran
- Ap-ordførarar i Nord-Trøndelag
- Folk frå Sunndal
- Folk frå Verran