Gupta
Utsjånad
(Omdirigert frå Guptariket)
| गुप्त राजवंश Gupta Rājavaṃśa Guptariket, Guptadynastiet | ||||
| ||||
|---|---|---|---|---|
| Hovudstad | Pataliputra | |||
| Språk | Sanskrit | |||
| Religion | Hinduisme, buddhisme | |||
| Styreform | Ikkje spesifisert | |||
| Historie | ||||
| - Oppretta | 320 | |||
| - Opphøyrde | 600-talet | |||
Gupta var eit indisk dynasti som herska over størsteparten av nordlege Sør-Asia på 300- og 400-talet. Guptahovudstaden var Pataliputra, dagens Patna i den indiske delstaten Bihar. Tsjandragupta I, Samudragupta og Tsjandragupta II er rekna som dei viktigaste guptaherskarane.
Guptatida er rekna som gullalderen til det klassiske India, og førte med seg framsteg i astronomi, matematikk, naturvitskap, religion og filosofi. Lærde som Kalidasa, Aryabhata, Varahamihira og Prasjastapada verka på denne tida. Ein reknar òg med at dei eldste Puranaene blei skrivne under Gupta.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Gupta» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Gupta Empire» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2011.
