Hinduismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hinduisme)

Hinduismen er den eldste av dei store verdsreligionane, og den mest mangfaldige. Religionen er ei blanding av ei rekkje tradisjonar frå dei mange ulike folkeslaga som har budd på det indiske subkontinentet, og har endra seg mykje over tid. Det er vanskeleg å seia nøyaktig kva religionen går ut på og kven som er hindu, men utøvarane har likevel til felles ein kulturell bakgrunn, liknande rituale og høgtider, visse heilage forteljingar, og stort sett ei forståing av at det finst mange måtar å utøva religionen på.

Tru[endre | endre wikiteksten]

Religionen tek utgangspunkt i gamle vediske tekstar og rituale på sanskrit, men inneheld òg ei lang rekke andre, lokale tradisjonar frå det indiske subkontinentet.

Han kan tolkast på ulike vis, slik at det til dømes er mogleg å tru på éin Gud, fleire gudar, eller ingen, og vera hindu.

Grunnprinsipp[endre | endre wikiteksten]

Det finst visse prinsipp som dei fleste hinduar ser på som sanne, om dei er klar over dei — at verda me lever i er ei førestilling (samsara) medan det verkelege er ande, at sjelen (atman) følgjer karmalovane og blir gjenfødd fram til han lausriv seg frå jordelivet og blir eitt med verdsanden (moksja), og at ein kvar må følgja sin eigen veg med særskilde reglar og etikk (dharma).

Gudstru[endre | endre wikiteksten]

Hinduismen blir rekna som ein heidensk religion. Med det meiner ein mellom anna at han godtek at det finst mange gudeformer, og at ein kan tilbe kva det skal vera, til dømes eit tre eller ein gudefigur, ved å be og ofra til det. Det finst ei rekke gudegrupper som blir tilbedne av ulike grupper, og lokale guddommar. Truleg stammar desse frå fleire opphavlege religionar som er blitt opptekne i hinduismen.

Hinduiske tenkjarar hevdar ofte at alle desse gudane er fleire sider av same sak — verdsaltet, brahman, som er så godt som umogleg å forstå for menneske.

For meir om dette emnet, sjå hindugudar.

Skrifter[endre | endre wikiteksten]

Hinduismen har ein fleire tusen år gammal skrifttradisjon, noko som fører med seg at tekstane er mangearta og uoversiktlege. Nokre skrifter blir haldne heilage av dei fleste, hovudsakleg dei fire Vedaene, og gudeforteljingane Ramayana og Mahabharata. I tillegg finst ei rekke kommentarar og tolkingar til Vedaene, som puranaene, men alle desse blir ikkje godtekne som heilage av alle hinduar. Det finst òg fleire aksepterte måtar å lesa Vedaene på, og mange ulike gjenforteljingar av dei to eposa.

For meir om dette emnet, sjå hinduskrifter.

Utøving[endre | endre wikiteksten]

På same måte som det finst mange måtar å tru på innan hinduismen, kan ein òg utøva religionen på ulike vis. Mange hinduar flettar trua si inn i dagleglivet, til dømes ved å seia eller synga bøner, utføra podja, fasta eller la vera å eta kjøt, eller gå i tempel. Ein kan følgja sin veg innan hinduismen ved å arbeida hardt og dermed hjelpa samfunnet, eller, for kvinner, ved å via seg heilt til familielivet og ektemannen sin. Å utøva musikk eller dans er andre måtar å koma nærare det gudelege på.

Eit fåtal hinduar vel å via livet sitt heilt til religionen, og blir vandrande eller mediterande tiggarmunkar og -nonner. Desse skal avstå frå alt verdsleg liv, og blir gjerne kalla brahmatsjariar eller sanjasiar.

For meir om dette emnet, sjå hindutempel.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Ettersom den hinduiske trua er så nær knytt til dagleglivet, er det vanskeleg å seia kva som er religion og kva som er kultur. Eit kjent døme er det indiske kastesystemet, som lenge var ein integrert del av hindusamfunnet, men som mange hinduar i dag vil seia ikkje er ein del av religionen deira.

Små og store høgtider er ein viktig del av religionen, og blir markerte både gjennom feiring og fornekting. Ein kan til dømes observera ein eller fleire heilagdagar i veka gjennom faste og podja. Samstundes samlar samfunnet seg om fleire store høgtider, som den årlege dipavali, eller kumbh mela kvart tolvte år.

For meir om dette emnet, sjå hinduhøgtider.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Det finst om lag 1000 millionar hinduar, noko som gjer religionen til den tredje største i verda, etter kristendommen og islam. Hinduar bur først og fremst i India, men ein finn òg større hindusamfunn i Nepal, på Sri Lanka, Bali, Mauritius, og i Karibia, særleg Guyana. I tillegg til sørasiatisk migrasjon har misjonering ført til at det òg finst hinduar av ikkje-asiatisk bakgrunn i mange vestlege land.

For meir om dette emnet, sjå hinduar.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Symbol i ord og bilde er svært viktige innan hinduismen, i alt frå utsmykking av tempel til filosofisk hymnetolking. Visse symbol er blitt ikoniske over heile verda, til dømes aum-lyden og svastika-teiknet. Andre er meir skjulte, og kan til dømes koma frå fleire tydingar av sanskritord. Andre stader symbolbruk går igjen er i utforminga av gudebilde. Stillinga, utsjånaden og omgjevnadane til eit måleri eller ein skulptur av ein hindugud er sjeldan tilfeldig.

Hindutempelet på Slemmestad høyrer til den største hindumenigheita i Noreg. Opphavleg bygd som Folkets hus.
For meir om dette emnet, sjå symbol i hinduismen.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det fortsatt er usemje, meiner dei fleste språkforskarar at omgrepet hindu opphavleg kjem frå Induselva, som persarane kalla Hindu. Då persisktalande erobra store delar av India, kalla dei alle innfødde med dette namnet. Språket hindi, også kalla hindustani, og India, også kalla Hindustan og al-Hind, har same opphav.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hinduismen