Aryabhata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aryabhata

Føddआर्यभट
476
Pataliputra
Død550
Pataliputra
Områdeastronomi, matematikk
Yrkeastronom, matematikar, astrolog

Aryabhata (476550) var ein kjend indisk astronom og matematikar.[1] I ein alder av 23 år publiserte Aryabhata ei astronomisk avhandling om 118 sanskritvers, for å oppsummere dei vediske matematikkunskapane på den tida.[2] Aryabhatiya, som publikasjonen vart kalla vart ein av dei fremste prestasjonane i matematikkhistoria med omfattande konsekvensar både i aust og vest. Tidlege arabiske forskarar som studerte Aryabhata kalla han Ardshabahr.

Astronomi[endre | endre wikiteksten]

Aryabhatiya inneheld ein teori, der jorda krinsar rundt sin eigen akse og han avgjorde korrekte den aksielle rotasjonen til jorda.[2] Kanskje inspirert av Yajnavalkya la han òg fram ein heliosentrisk gravitasjonsteori, nesten 1 000 år før Kopernikus. Aryabhata slutta seg til planetbanane var elliptiske og kom med ei gyldig forklaring på sol- og måneformørkingar.[3] Teorien hans om relativ rørsle antedaterte Einstein sin med 1 400 år.

Matematikk[endre | endre wikiteksten]

Studiet til Arybhata i algebra og trigonometri, som la grunnlaget for derivasjon og integrasjon, påverka europeiske matematikarar 1 000 år seinare, då tekstene hans vart omsett til europeiske språk frå dei arabiske omsetjingane frå 700-talet av sanskritoriginalen. Han rekna ut verdien av pi til 3,1416,[1] men han gjorde òg feilaktige utrekningar av tetraeder og volumet til ei kule.[2] Aryabhata si framstillng av å få ut kvadratrota og kubikkrota føreset at ein nyttar dagens talsystem.[2]

Den næraste som kom til å følgje spora til Aryabhata var Brahmagupta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Aryabhata» (på svensk). Nordisk familjebok. Henta 14. juli 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Aryabhata the Elder - Biografi, School of Mathematics and Statistics - University of St Andrews, Scotland
  3. Bharatadesam - Science and Technology