Gyllen fallskjerm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gyllen fallskjerm, i somme høve berre kalla fallskjerm, er nemninga på ulike ordningar i tilsettingstilhøve der den tilsette har rett til eit særs gunstig økonomisk oppgjer dersom ho eller han må gå frå stillinga. Det er som regel berre leiarar i næringslivsverksemder som får glede av gylne fallskjermar, som kan gå ut på ein økonomisk eingognskompensajon, etterløn i lengre tid, særs gunstig pensjonsordning eller andre særytingar.

Opphavet til ordet gyllen fallskjerm er den eigenskapen ein fallskjerm har ved å kunne gje eit mennske ei trygg landing etter fall frå stor høgd. Eigenleg ligg det i ordet ein kritikk av slike gunstige særordningar, som jamvel kan kome slike leiarar til gode som må gå frå stillinga av di dei har synt seg som uskikka, og at det i alle høve dreier seg om summar som mange finn det urettvist å honorere vedkommande med.