Fallskjerm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein moderne fallskjerm
Ein fallskjermhoppar før hoppet. Hovudskjermen er pakka saman på ryggen, og ein reserveskjerm er festa på magen. Reserveskjermen skal ikkje nyttast som anna enn ei naudløysing dersom hovudskjermen ikkje faldar seg ut.

Fallskjerm er ei innretning som er slik forma at eit menneske eller ein gjenstand vert bremsa av luftmotstanden under fritt fall frå stor høgd, særleg frå fly eller anna luftfartøy. Fallskjermar kan nyttast både til militære og sivile føremål.

Allierte fallskjermsoldatar over Nederland i 1944.
Romfartøyet Apollo 15 var utstyrt med fallskjermar for å dempe farta før romferda vart avslutta i Stillehavet. Den eine av dei tre fallskjermane fungerte ikkje som han skulle, slik det går fram av fotografiet.

Moderne fallskjermar er rektangulære og forma etter dei same aerodynamiske prinsippa som ligg til grunn for forma på ei vengje på eit fly. Sjølve skjermen er bygd opp av celler som vert fylte med luft, og slik kan fallskjermen halde ein optimal fasong gjennom heile svevet. Fallskjermhopparen flyg soleis framover samstundes som han daler, og kan ved hjelp av linene han heng i, styre og kontrollere ferda mot jorda og lande der han har planlagt. Men tidlegare var fallskjermane kuppelforma og laga av eitt lag duk, og fallskjermhopparen, som hang i liner festa til randen av kuppelen, kunne ikkje styre fallskjermen i nemnande mon. Soleis fell slike fallskjermar meir eller mindre loddrett ned mot jorda, anten det var eit menneske eller ein gjenstand som hang under.

Fallskjermar har tradisjonelt vore laga av silke, bomull eller nylon, ofte med eit lag av silikon for vere stabile og varige. Dei moderne fallskjermane er laga utelukkande av kunststoff.

Før uthoppet har fallskjermhopparen skjermen pakka saman på ryggen etter eit system som gjer at skjermen kan falde seg ut når hopparen er i lufta. Normalt er det ein pilotskjerm, ein liten fallskjerm, som dreg ut sjølve fallskjermen. Utløysarmekanismen vert vanlegvis aktivisert av fallskjermhopparen sjølv etter ei stuttare eller lengre tid i fritt fall, eller utløysarmekanismen kan aktiviserast av ei line som er festa til flyet. Utløysinga kan og gjerast av ei mekanisk eller elektronisk innretning som på førehand er stilt inn på å tre i funksjon i ei fastsett høgd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fallskjerm