Gyltfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 64°39′27.709″N 11°21′55.282″E Gyltfjorden er ein fjordarm på sørsida av Foldafjorden i Namsos kommune på austsida av øya Jøa i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørover til Ølhammeren der han deler seg i to. Nufsfjorden og Nordsundet går sørover på austsida, medan Seierstadfjorden går sørover på vestsida.

Fjorden har innløp mellom Gyltodden i vest og Galtneset i aust. Aust for toppen av neset Ølhammaren går den vesle fjordarmen Kjelbotnet søraustover til garden Nordbotnet.