Gzjel-keramikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mugge i Gzjel-stil

Gzjel-keramikk er ein russisk keramikkstil med kvitt og blått mønster. Han har namn etter Gzjel i Moskva oblast som er eit senter for produksjonen av denne keramikktypen.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Kapell i Gzjel dekorert med Gzjel-fliser.

Det blir laga keramikk til heile Russland i rundt tretti landsbyar i området søraust for Moskva, som er rikt på ulike leiretypar. Namnet Gzjel blei knytt til keramikk allereie på 1300-talet. Frå midten av 1600-talet byrja ein utvinna leire i større skala. og i 1663 gav tsar Aleksis av Russland Gzjel einrett på å laga ilåt til apotekar- og alkymibruk for apotekarordrenen i Moskva. Dette førte til høge krav til produkta.[1]

Keramikken blei opphavleg laga av pottemakarar heime, men desse byrja nokså tidleg å danna verkstadar saman og auka produksjonen. Desse verkstadane blei etterkvart vidareutvikla til fabrikkar der ein forma produkt i former og arbeidarane kunne ha ansvaret for særskilde produkt eller ein særskild stil eller dekorasjon. Ein laga keramikk med ein kvit, tinn-basert glasur dekorert med fargar som blått, grønt, gult og brunt, i ein stil kjend som majolika. På 1830-talet byrja ein å utvikla fajanse i Gzjel, kvitt steingods som kunne måla seg såkalla creamware som blei laga i England på denne tida. Deretter utvikla dei produkta sine til porselen.

På midten av 1800-talet gjekk likevel industrien tilbake i området, på grunn av aukande import frå utlandet og manglande modernisering av den lokale produksjonen. Ved byrjinga av 1900-talet tilhøyrde det meste av produksjonen familien Kuznetsov. Etter den russiske revolusjonen blei Kuznetsov-fabrikkane nasjonaliserte.

På midten av 1900-talet byrja ei restaurering av Gzjel-keramikken. I tida 1945-1949 tok ein i bruk koboltblått på kvit bakgrunn, og sameinte dekorasjonsstilen. Meisteren A.B. Saltykov utvikla eit eige atlas over pernselstrøk, og kunstnaren N.I. Bessarabova, som utvikla ein ny blå og kvit stil, blei invitert inn i produksjonen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russian culture in the Gzhel craft through the pages of history., arkivert frå originalen 5. oktober 2021, henta 5. oktober 2021 
  • Denne artikkelen bygger på «Gzhel» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2021.
  • Dulkina, T.I. and N.S. Grigorevna, Gzhel: keramika 18-19 vekov. Moskva: Izd-vo "Planeta", 1982.
  • Ovsyannikov, I. Russian Folk Arts and Crafts. Progress Publishers, Moscow, 1969.
  • Saltykov, A. B., Russkaia narodnaia keramika. Moskva, Sovetskii khudozhnik, 1960.