Hármashatárhegy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hármashatárhegy
Hármashatár-hegy.jpg
Land Flag of Hungary.svg Ungarn
Høgd 495 m

Hármashatár-hegy
47°33′19″ N 18°59′57″ E
Wikimedia Commons: Hármashatár-hegy

Hármashatárhegy er eit fjell i Budapest i Ungarn. Namnet Hármashatárhegy tyder «Tregrensefjellet» og kjem av at grensene til tre byar (Buda, Óbuda og Pesthidegkút) møttest her på 1800-talet. I dag er desse byane slått saman til Budapest, men namnet på fjellet er det same.

Budapest sett frå Hármashatárhegy.

Fjellet ligg på Buda-sida med ei høgd på 495 meter over havet. Fjellet vert nytta til turgåing, sykling og paragliding. Om vinteren vert det òg nytta til aking.

Det er ofte vindfullt på toppen sidan det ikkje veks tre her. Snøen ligg ofte to veker lenger på fjellet enn i resten av byen. I snitt er temperaturen eit par gradar lågare enn på Pest-sida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]