Håkon Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Håkon Johnsen
Fødd 3. mars 1914
Trondheim
Død

17. oktober 1991
Trondheim

Yrke politikar

Håkon Armand Menzoni Johnsen (3. mars 191417. oktober 1991) var ein norsk arbeidar og politikar frå Trondheim. Han var stortingsrepresentant 1945-73 for Arbeidarpartiet.

Johnsen var son til ein maskinist og voks opp i arbeidarbydelen Lademoen i Trondheim. Etter å ha fullført middelskulen i 1931 var han lagerekspeditør ved manufakturavdelinga til Norges Kooperative Landsforening i Trondheim. Ved sidan av arbeidet gjekk han i 1935 Arbeiderhøyskolen på Malmøya og i 1942/43 på handelsskule.

Johnsen engasjerte seg tidleg i Arbeidernes ungdomsfylking i Trondheim, formann i Trondheim AUF 1932-35 og Sør-Trøndelag AUF 1937-38. I 1938 kom han inn i Trondheim bystyre. Under andre verdskrigen sat han i tysk fangenskap i fire år. Då krigen var over, tok han plass i bystyret, der han vart verande i ti år framover.

Ved stortingsvalet 1945 vart Johnsen vald til til stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag for Arbeidarpartiet, attvald i 1949. Sidan vart han attvald også i 1953, 1957, 1961, 1965 og 1969, representerte då Sør-Trøndelag fylke. Etter to sesjonar i Helsekomitéen og like mange i Post-, telegraf- og kystfartskomitéen, hadde han plass i Kyrkje- og undervisningskomitéen i tjue år, 1950-1969, siste fire åra var han formann i komitéen. I si aller siste stortingsperiode, 1969-73, var han odelstingspresident og dessutan nestformann i Protokollkomitéen i tre sesjonar, og medlem i Justiskomitéen i ein sesjon.

Johnsen var kjend som ein humørfylt, energisk og frittalande politikar. Han vart ikkje renominert til stortingsvalet 1973, noko som har vorte forklart med krav om kvinnerepresentasjon og hans engasjement for norsk medlemskap i det Europeiske Fellesskap i 1972.

Johnsen var med i mange styre og representantskap i lokale og nasjonale kulturinstitusjonar, både medan han sat på Stortinget og i tida etterpå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]