Håkonarspelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Håkonarspelet i samband med markeringa av Tusenårsstaden Gulatinget i Eivindvik i 2005
Foto: Nina Aldin Thune

Håkonarspelet er eit historisk spel som har blitt oppført i Hordaland og Sogn og Fjordane, første gongen i 1997.

Spelet er skrive av Johannes Heggland og er i fem sjølvstendige delar, ein for kvar stad det har vore oppført. Dette har bl.a. vore på Marinebasen Haakonsvern, Fitjar og Seim i Hordaland og på Flolid ved Eivindvik i Sogn og Fjordane.

Spelet har hatt skodespelarar frå Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater i leiande roller og ei rekke lokale skodespelarar og statister i andre roller. Tanken var at spelet skulle oppførast kvart år, men det har vist seg å vera vanskeleg. Dette skuldast særleg at både organisering, tilrettelegging og gjennomføringa av sjølve spelet i stor grad har vore basert på dugnadsinnsats frå lokale eldsjelar.

I 2000 blei alle delane sett saman til eit spel og framført på Bergenhus festning.

I samband med opninga av Tusenårsstaden Gulatinget i 2005 blei delar av spelet også framført.

I august 2010 skal Håkonarspelet igjen visast på Håkonshaugen på Seim i Lindås.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]