Hårfagreætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hårfagreætta var ei kongeslekt i Noreg i mellomalderen. Stamfar til slekta var rekna å vera kong Harald Hårfagre. Mellom anna Snorre Sturlason rekna han som den som samla Noreg under ei kongsmakt.

Mange kongsemne ynskte å verta rekna som etterkomarar av Harald Hårfagre. Ein tenkte seg at ætlingar av den første norske kongen hadde odelsrett til det riket som i høgmellomalderen vart til Noreg.

Kong Harald Hårfagre vert i nokre forteljingar sagt å stamma frå Ynglingeætta. I Snorre si Heimskringla, er det skildra slik, men Snorre skreiv at dette ikkje var visst. Slektskap til den kjende ætta gav kongen auka status. I fylgje Snorre skulle kongar av Ynglingeætta ha vandra ut frå Uppsala til Aust-Noreg.

Nyare forsking, mellom anna av historikaren Claus Krag, har kome fram til at det truleg berre var tre generasjonar av Hårfagreætta ved makta. I tida etter at Harald Hårfagre døydde i 931(/932) regjerte Hårfagreætlingar i 40 år, Ladejarlar i 40 år, danskekongar i 40 år (ofte med ladejarlar som underkongar). Dei seinare kongane si tilknytting til Hårfagreætta er truleg eit samband som vart laga til på 1100-talet. Spesielt kong Sverre Sigurdsson var truleg ikkje av Hårfagreætta.

Den siste som hevda å vera konge av Hårfagreætta var Olav IV av Noreg, som døydde i 1387. Statsstyret vart då teke over av mor hans, dronning Margrete Valdemarsdotter. Ho fekk hylla Erik av Pommern til konge av Norden innan Kalmarunionen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]