Snorre Sturlason

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snorre Sturlason
Snorre Sturluson-Christian Krohg.jpg
Snorre Sturlason teikna av Christian Krohg til Heimskringla.
Verkeleg namn Islandsk Snorri Sturluson
Fødd 1179
Dalabyggð
Død

30. september 1241
Reykholt, Western Iceland

Snorre Sturlason på Commons

Snorre Sturlason (117823. september 1241) var ein islandsk hovding, forfattar og skald.

Snorre var to gonger lagmann eller lovseiemann på det islandske Alltinget. Som lagmann hadde han ei maktstilling på Island. Snorre engasjerte seg mykje i ymse politiske spørsmål. Han vart drepen på grunn av at han stødde eit opprør mot kongen av Noreg, kong Håkon Håkonsson.

Snorre siglde sommaren 1218 frå Island til Noreg, og var der til 1220. Der gjesta han fyrst Skule Jarl (Skule Bårdsson) over vinteren. Sommaren etter var han i Sverige. Snorre støtta Skule Jarl i kampen mot kong Håkon Håkonsson.

Andre gong han var i Noreg var frå 1237 til 1239. Snorre vart i denne tida stempla som forrædar, og fekk forbod mot å reisa ut av Noreg. Snorre fór til Island mot kong Håkon sin vilje. Håkon lét Gissur Torvaldson drepa Snorre. Gissur og ein flokk menn tok livet av Snorre den 23. september 1241. Snorre var då på garden sin, Reykholt.

Skrifter av Snorre[endre | endre wikiteksten]