Hønsebyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°32′35.531″N 23°20′52.825″E Hønsebyfjorden (samisk Nijžževuotna) er ein fjord på nordsida av øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km søraustover til bygda Hønsebybotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Nordre Veggenes i vest og Skoltbukta i aust. Den ytre delen av fjorden vid og i aust går ein smalare del av fjorden inn til botn. Fjorden er 117 meter på det djupaste ved vestsida av denne ytre delen. Det ligg fleire mindre busetnader langs austsida av fjorden, og på begge sider av den indre, smale delen. Her finn ein mellom anna Hønsebyhamn på vestsida og grenda Skakkebakken på austsida.

Fv114 går langs austsida av fjorden og ut vestsida av den indre delen.