Hønsering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hønseringar

Hønseringar er spiralringar av plast i ulike fargar som kan setjast på beina på høns for lettare å kjenne att dei ulike individa i ein flokk. På midten av nittenhundretalet og ei stund frametter var hønseringane, og dei litt mindre dueringane (for duer), særs populære som leiketøy for born, og vart laga og selte særskild for dette føremålet. Ringane vart kjeda saman eller nytta i ulike spel og konkurransar som borna fann på sjølve.