Høvding Seattle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Høvding Seattle
Chief seattle.jpg
Det einaste kjende bildet av Seattle, frå 1864.
Fødd 1786
Washington
Død

7. juni 1866 (79 år)
Port Madison Indian Reservation

Yrke høvding, slaveeier
Høvding Seattle på Commons

Høvding Seattle[a] (ca. 17867. juni 1866) var ein leiar av dei nordamerikanske duwamish- og suquamish-stammane i den noverande USA-amerikanske staten Washington. Byen Seattle er kalla opp etter han.

Saman med 82 andre høvdingar frå stammane kring Puget Sound underteikna høvding Seattle i 1855 ein traktat som skulle innebera overdraginga av nesten alt land til amerikanske styresmakter. Landavståinga førte til at fleire stammar gjorde opprør, men dei leid raskt nederlag. Seattle deltok ikkje i denne striden.

Under traktatforhandlingane heldt Seattle ein berømt tale, seinare kalla «Vi er ein del av jorda». Ingen veit i dag nøyaktig kva han sa. Talen blei først omsett til chinuk wawa og så til engelsk. Ein Henry A. Smith tok notat, og skreiv seinare ned «eit brotstykke av talen». Versjonen som oftast blir sitert er nedskriven av Ted Perry i samband med ein film om miljøtrusselen som blei laga i 1972. Denne kjende versjonen av talen kan likevel ikkje vera den same som Seattle heldt, ettersom han inneheld opplysningar og referansar som han umogleg kan ha kjent. Talen er likevel blitt omsett til fleire språk, også norsk[1], og sitert talrike gonger, særleg i samband med urfolksrettar og miljøvern. Eit kjent sitat er «Korleis kan ein kjøpa eller selja himmelen, varmen frå jorda? Tanken er framand for oss. Vi eig ikkje reinleiken i lufta eller glitteret i vatnet. Korleis kan du då kjøpe det av oss? Vi bestemmer berre i vår tid.»

Talen[endre | endre wikiteksten]

Høvding Seattle sin tale er ein som høvdingen ga i 1854 til eit publikum som inkluderte den første guvernøren av Washington Territory, militaristen Isaac Stevens. Talen er tapt for historia, men mange versjonar lever vidare. Ikkje nokon er særleg truverdige.

Utviklinga av historiske oppattakingar av talen, frå ein blomstrande victoriansk tale for fred og territoriell integritet, fram til ein mykje kortare tale for miljøverntankar, har vorte plasserte i tida av fleire historikarar. Ein ser på desse oppattakingane som ei manipulering der både religiøse, politiske og miljøpolitiske motiv står bakom. Første gongen der ein prøvde å sjå attende til byrjinga for å rekonstruere talen var i 1985, og på få år kom der fleire essay om denne saka. Ein klarte å leite fram 86 ulike versjonar av høvding Seattle sin tale. Skribenten David Buerge påstod at høvdingen framleis (1991) inspirerte folk til å legge ord i munnen på han. Andre debattantar heldt på at denne historia var for god til å vere sann, og retta åtvaringar mot falske øko-profetar. Ein kan liste opp dei viktigaste versjonane:

Den eldste 1887[endre | endre wikiteksten]

Første publiseringa kom i Seattle Sunday Star i 1887, skrive av Henry A. Smith, ein poet, doktor, og tidleg kvit busetjar i distriktet kring Seattle by. Smith legg fram eit referat av ein tale frå 30 år tilbake, der Smith hadde vore til stades og teke notatar. Talen kom då den nyleg utnemne guvernøren Isaac Stevens var på vitjing og møtte ei gruppe lokale stammehøvdingar. Denne vitjinga er stdfesta av historiske notatar. Den lokale avisa The Pioneer skreiv om møtet i 1854. Stevens hadde eit nytt møte med lokale høvdingar i 1855. Høvding Seattle var den mest innflytelsesrike av høvdingane i området, så ein må rekne med at han var til stades.

Likevel er detaljane omkring møtet omdiskuterte. Ein veit ikkje dato eller stad, og heller ikkje dei aktuelle orda. Smith påstår at føremålet var å overgje eller selje indianarane sitt land til kvite busetjarar. Ikkje noko papir understøttar denne påstanden. Det ser ut til at føremålet var å granske landområde som vart rekna for å tilhøyre USA allereie. Guvernør Stevens skreiv sjølv at føremålet var å granske indianske affærer og lære noko om distriktet generelt, og å sjå på hamner og kolgruver.

Vitner som var på staden ved møtet i 1854 stadfestar ikkje at Smith var der. Der er skrevne notatar om eit seinare møte mellom guvernør Stevens og høvding Seattle der det vart signert ein avtale 22. januar 1855. Men dette møtet minner ikkje om det notatet Dr. Smith la fram i 1887.

Etter Smith si attfortelling hadde ein Doc Maynard introdusert guvernør Stevens som kort forklarte sine føremål, noko som på førehand var godt forklart for alle partar. Høvding Seattle hadde så reist seg for å halde ein talen. Smith hadde så presentert ei detaljert oversetjing av talen. Ein er likevel skeptisk til Smith sin versjon. Høvding Seattle snakka truleg på Lushootseed-språket, deretter har nokon oversett orda til Chinook-sjargong, eit handelsspråk med smått ordforråd, og så har ein tredje person oversett til engelsk. Språket til Smith var engelsk i ein blomstrande victoriansk prosa, og Smith skreiv at han berre noterte ned eit fragment av talen. Versjonen til Smith liknar heller ikkje på det andre vitner heldt fram som viktig. Når Smith kanskje ikkje var til stades som vitne, og der er så mange sprik i attforteljingane, konkluderer ein med at talen slik vi kjenner han er fiksjon. At høvding Seattle var ein spirituell økofilosof rimar heller ikkje godt med den tida og dei utfordringane han levde i.

Likevel, ein talsperson for Suquamish-nasjonen har sagt at etter deira tradisjon så konsulterte Dr. Smith stamma sine eldre fleire gongar før han publiserte sin versjon av talen i 1887. Dei eldre skal ha sett notatane Dr. Smith tok medan han lytta til talen. Er dette korrekt ville dei eldre sitt vitnemål gi Smith sin versjon eit autentisk preg. Desse notatane finst ikkje lengre. Dei kan ha gått tapt i den store brannen i Seattle, då Smith sitt kontor brann ned.

Smith venta tretti år med å publisere talen. I denne perioden hadde nye innvandrarar kome i så stort tal at dei var i ferd med å overta dominansen i lokal politikk. Dei kvite pionerane kjende på det same som urfolket må ha gjort før dei, at nykomarar, som såg på pionerane som mosegrodde motstandarar av framsteget, kom til å overta institusjonane, heimane, landet og den religiøse dominansen. Smith kjende seg nok i båt med urfolket når han tok fram høvding Seattle sine ord om nykomarar som køyrde over dei opphavlege bebuarane.

Seinare versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1931 vart Smith sin versjon oppatteken gjennom fleire lekkar av folk som skreiv lokal historie eller memoarar, eller freista forstå høvdingen sine ord. Ein Clarence B. Bagley skreiv i 1929 History of King County, Washington og la til litt ekstra i talen.

Seint i 1960-åra kom ein ny æra for minnet om talen, og med den kom nye modifiseringar. Det starta med ein serie artiklar av William Arrowsmith, ein professor på University of Texas, som retta ny interesse mot høvding Seattle sin tale. Arrowsmith hadde kome over nokre essay av presidenten på Washington State University. Mot slutten av eit av essaya stod der nokre sitat frå Smith sin versjon av talen. Arrowsmith sa at det var som å lese prosa frå den greske poeten Pindar. Med stor interesse fann han den opphavlege kjelda. Etter å ha lese denne ville han prøve å gjere Smith sin versjon betre ved å fjerne victoriansk påverknad. Arrowsmith ville gje ein sans av korleis høvding Seattle kanskje talte ved å etablere nokre trulege parametre for språket.

Det som verkeleg gjorde talen til Seattle vidkjend var ein plakat trykt i 1972, som syner eit bilete av høvding Seattle med ord frå talen addressert til presidenten i Washington. Orda er i røynda tekne frå Arrowsmith sin versjon av talen, men med fleire modifiseringar slik som skildring av bison skotne frå toget, og lina «Jorda tilhøyrer ikkje menneska, menneska tilhøyrer jorda.»

Plakaten vart laga for å promotere ein film kalla «Heim», ein miljøverninspirert film produsert for North American Mission Board og Southern Baptist Radio and Television Commission. Filmprodusenten ville syne ein særskilt høvding innafor det amerikanske urfolket som uttalte seg med engasjement for miljøet, så skribenten Ted Perry vevde ihop miljøvernretorikk med utdrag av høvding Seattle sin tale slik denne kom fram i Arrowsmith sin versjon. Perry vart ikkje kreditert for dette, fordi, i følgje Perry, at produsenten tenkte filmen ville sjå meir autentisk ut om teksta vart kreditert direkte til høvdingen sjølv og ikkje til ein tekstskribent.

Perry skildra kva som gjekk føre seg:

«Eg høyrde først ein versjon av teksta lesen av Arrowsmith på ei feiring av miljøvern i 1970. Der var eg til stade og høyrde han. Han var ein nær ven. Arrowsmith sin versjon hinta om kor vanskeleg det var for høvding Seattle å skjøne seg på den kvite mann sine haldningar omkring land, vatn, luft og dyr. Eg hadde allereie ymta om at ein dokumentar om miljøvern trong eit nytt lydbilete, og avgjorde at eg ville skrive ein ny versjon, med trykk på det som var hinta i Arrowsmith si tekst. Det var enkelt for produsenten å gøyme ei «Skrive av...» kreditering utan mi tillating, når filmen var ferdig produsert og sendt på lufta på fjernsyn. Det verkelege problemet er at eg skulle ikkje ha brukt namnet til eit aktuelt menneske, i dette tilfelle høvding Seattle. Det å putte ord i munnen på ein person eg ikkje kjende, spesielt ein innfødd amerikanar av urfolket, er hovmot og kanskje rasisme. Der har vore framsteg i vår forståing av amerikanske urfolk, men i røynda veit vi lite. Det vi trur vi veit er presentert av film, tilfeldige møte, ord, bilete og andre stereotypar. Dei formar vår verdsforståing men er ikkje sanne. Det syner seg at produsenten John Stevens hadde lagt til ein del element for å gjere talen kompatibel med Baptistisk teologi, medrekna orda "Eg er ein enkel mann og skjønar ikkje." Stevens sa det slik:

Eg skreiv talen slik at den kom nærare Baptistisk tankegods. Der var ikkje noko om eplepai og moderleg omsorg så eg la til referansar til Gud og «Eg er ein enkel...» for å imøtekome radio- og TV-folka. Eg har skrive manus utan å kome inn på baptistisk språkbruk dusinvis av gongar. Dette var naudsynt for å grunngjeve at det vart brukt tusenvis av dollar på ein film. Til slutt gjekk eg trøytt av å måtte gjere til lags slike interesser ved presse denne språkbruken inn i eit manus, og slutta i jobben min.»

Stevens sin versjon av høvding Seattle sin tale vart så lagt til ein plakat, og 18 000 kopiar vart sende ut for å promotere filmen. Filmen sjølv vart fort gløymd og kan ikke sporast, men den nyaste og mest fiktive versjonen av høvdingen sin tale vart den mest vidkjende versjonen sidan den vart kopla inn i miljørørsla på 1970-talet, no i forma «brev til presidenten». I 1993 føretok bibliotekaren Nancy Zussy på Washington State University ein analyse av dei versjonane av høvding Seattle sin tale (eller brev) som fans i sirkulasjon. Ho identifiserte fire klart ulike variantar som ho tilla fire ulike forfattarar som fylgjer:

  • "Versjon 1", Smith sin versjon.
  • "Versjon 2", Arrowsmith sin versjon.
  • "Versjon 3", Perry/Stevens sin versjon.
  • "Versjon 4", ein kort versjon av Perry/Stevens sin versjon der forfattaren er ukjend.

Brevet[endre | endre wikiteksten]

Ein liknande kontrovers finst om kring eit påstått brev som i 1855 skal ha vore sendt frå høvding Seattle til president Franklin Pierce. Dette brevet aldri har vorte lokalisert og har, basert på ulike prov, vorte skildra av historikaren Jerry L. Clark as "eit uhistorisk kunststykke basert på nokon sin livlege fantasi". Det verkar som at "brevet" sirkulerte i miljøvernkrinsar i 1970-åra, som ein lett endra form av Perry/Stevens sin versjon. Den første versjonen med klar miljøverntankegang vart publisert 11. november 1972 i den dagsaktuelle utgåva av magasinet Environmental Action. På denne tida vart det ikkje lengre presentert som ein tale, men som eit brev frå høvding Seattle til president Pierce. Redaktøren av Environmental Action hadde teke «brevet» opp frå Dale Jones, som representerte det nordvestlege USA si undergruppe av Friends of the Earth. Jones sa sidan sjølv at han første gongen såg brevet i september 1972 i ei no nedlagd tabloidavis av og for amerikanske urfolk. Her endar alle trådar, men det er truleg at den opphavlege kjelda var filmplakaten.

Der finst ikkje noko referat av eit slikt brev i nokon av dei private papira til president Pierce i «New Hampshire Historical Society», eller i biblioteket til kongressen, der Pierce sine papir mellom alle ulike presidentar sine papir skulle finnast. Dette kom fram i 1977 som svar på ein førespurnad om kor autentisk dette brevet er.

Staben på dei nasjonale arkiva har ikkje vore i stand til å lokalisere noko slikt brev eller referat innafor byrået for indianske affærer. Crawford skreiv at "vår stab har brukt mykje tid og krefter på å lokalisere brevet eller finne indikasjonar på at høvding Seattle skreiv brevet, utan resultat.» Richard S. Maxwell konstaterte at der ikkje fans noko brev frå høvding Seattle til president Pierce i byrået for indianske affærer. Det vart sjekka i arkiva i «New Hampshire Historical Society», i manuskriptdivisjonen i kongressen sitt bibliotek, og i Bowdoin College, og ikkje nokon stad fans spor av eit slikt brev.

Det er lite truleg, kanskje til og med umogeleg, at eit brev frå ein høvding for ei stamme av urfolket stila til dei sameinte statane sin president ikkje vart notert i det minste i eit av kontora som hadde kontakt med dei ulike guvernørane. Eit brev som nådde presidenten sitt bord måtte passere gjennom i det minste seks departement: Via den lokale agenten for indianske affærer oberst Simmons, vidare til kommisær for indianske affærer, derifrå til kontoret for innanrikssaker og endeleg til presidenten sitt bord. Ei god reise for eit brev som ikkje har lete etter seg spor. Konklusjonen er at ikkje noko brev var skrive av eller for Seattle og sendt til president Pierce eller til nokon annan president. Seattle var analfabet og snakka ikkje engelsk, så han kunne ikkje skrive engelsk.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ei anglifisering av lushootseednamnet Si'ahl, også skrive Sealth, Seathle, Seathl og See-ahth.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Høvding Seattle
Wikisource

Teksten til Høvding Seattle ved Wikisource.