Høydal
62°4′26.728″N 6°13′12.076″E / 62.07409111°N 6.22002111°E
| Høydal | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Høydal 62°04′27″N 6°13′12″E / 62.07409111°N 6.22002111°E | |||
Høydal[1] er ei bygd i Volda kommune som ligg på sørsida av Austefjorden. Fylkesveg 651 går gjennom bygda, som er ei blanding av fritidshus og busetnad for vanlege fastbuande.
Historie
[endre | endre wikiteksten]På 1900-talet var det noko småindustri i bygda, til dømes et par-tre trevarefabrikkar, eit par båtbyggeri[2] og ein betongfabrikk. Grunnen til den relativt store industriverksemnda, var etableringa av Høydal elektrisitetsverk i 1917 som eit lutlag med 17 eigarar. Dette kraftverket vart avvikla på 80-talet, men på slutten av 90-talet vart to nye kraftverk etablerte. Høydalen var veglaus fram til 1966 då bygda vart knytt saman med Håvik og vidare til Fyrde. I 1973 vart det veg til Bjørneset og Straumshamn vestover.[3] På grunn av desse vegsambanda, var det venta vekst i Høydalen, men resultatet vart motsett.[4] I 2017 var det berre ein møbelfabrikk att i Høydal, som heiter Høydal Møbelfabrikk AS. Det var 60 personar med røysterett i bygda ved kommunevalet i 2007.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Høydalen (Volda) – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no (på norsk bokmål), henta 4. september 2025
- ↑ «L/L Vik Båtbyggeri – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no (på norsk bokmål), henta 4. september 2025
- ↑ Busetnadssoga for Volda. Bind 3, side 36
- ↑ Busetnadssoga for Volda. Bind 3, side 37
- Denne artikkelen bygger på «Høydal» frå Wikipedia på bokmål, den 19. januar 2018.
