Volda kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volda kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Volda
Areal 547 km²
 - land 525 km²
 - vatn 22 km²
Folketal 9 037 (1. januar 2016)
Folketettleik 17 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Jørgen Amdam (Ap)
Kommunenummer 1519
NO 1519 Volda.svg
Wikimedia Commons: Volda
Nettstad: www.volda.kommune.no

Volda er ein kommune i Møre og Romsdal med ca. 9037 innbyggjarar. I nord- og austleg retning grensar Volda mot Ørsta kommune, i sørleg retning mot kommunane Hornindal og Eid, og i vest mot Vanylven kommune. Volda har sjøgrense mot Ulstein. Mellom Yksnøya i Volda og Eika i Ulstein er det berre 300 meter.

Volda kommune ligg ved Voldsfjorden, med kommunesenteret Volda på austsida og Folkestad på vestsida av fjorden. Voldsfjorden har tre sidearmar; Dalsfjorden med bygdene Velsvik, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfot, Steinsvik og Dale, Austefjorden med bygdene Hjartåbygda, Fyrde, Kalvatn og Høydal, og Kilsfjorden med bygdene Bjørneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen. Frå Volda sentrum nordover langs Voldsfjorden ligg Morkabygda og lengst ute på Berkneshalvøya ligg Lid og Berkneset, og på andre sida av Vartdalsfjorden ligg Yksnøya.

I tettstaden Volda finn ein blant anna Høgskulen i Volda med over 3000 studentar, i tillegg til sjukehus og høgteknologisk industri. Den lokale avisa i kommunen, Avisa Møre, er Noregs eldste lokalavis (1810).

Mork/Ekset er ein «forstad» til Volda og ligg ca. 3 km. vestover frå Volda sentrum, eit steinkast frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk (1808), låg her. I dag er det eit museum i Aarflotgarden som blant anna inneheld gamle maskiner frå prenteverket.

Volda ferjeterminal er den einaste gjenverande ferjeforbindelsen i Volda kommune, og knyter Folkestad på andre sida av Voldsfjorden i tillegg til Lauvstad i Dalsfjorden med Volda sentrum. Ferjeturen til Folkestad tar rundt 12 minutt, mens det går 25 minutt til Lauvstad.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart Ørsta skilt ut som og etablert som eigen kommune. Volda hadde då 3485 innbyggjarar, Ørsta 2070.[1]

1. januar 1893 vart garden Ytrestølen i Ørsta med 13 innbyggjarar overført til Volda.[1]

1. juli 1924 vart Dalsfjord delt frå som eigen kommune med 960 innbyggarar. Volda hadde 4715 innbyggjarar etter oppdelinga.[1]

1. januar 1964 vart Dalsfjord igjen ein del av Volda kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 6056 innbyggjarar og Dalsfjord 1151, slik at den nye Volda kommune totalt fekk eit innbyggjartal på 7207.[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Volda kommune frå 1900:

1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
4556 5690 5686 6149 6430 7013 7283 7975 8011 8322 8573

Tettstader i Volda kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjende folk frå Volda kommune[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Volda 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Dalsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.