Høydalsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°33′31.867″N 5°13′38.755″E

Motiv frå Høydalsfjorden
Foto: Helge Høifødt

Høydalsfjorden er ein fjordarm av Solheimsfjorden i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Fjorden ligg like sør for Florø og strekkjer seg 13 km søraustover.

Fjorden har to innløp, eitt mellom Ålvorsundet på vestsida av Ålvora og eit større innløp mellom Ålvora og Neståa. Like innanfor innløpet ligg dei to øyane Litle og store Timberøya og lenger inn i fjorden ligg Hjortøya. Sør for Litle Timberøya ligg Stongasundet mellom øya Stavøy og fastlandet. Sundet går sør til Brufjorden.

Det ligg fleire bruk på nordsida av fjorden som Holmesund og Steinhovden. Sør for Hjortøya ligg Langeneset som strekkjer seg 2 km nordvestover i fjorden. Heilt inne på nordsida av neset ligg Høydal, som har gjeve namn til fjorden. Nord for Høydal smalnar fjorden inn og den siste 2,5 km inn til botn av fjorden vert kalla Osstrupen.

Fv542 går langs sørsida av fjorden og kryssar Osstrupen. På nordsida av fjorden går Fv543.