Hopp til innhald

Hürth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hürth
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Köln
Landkreis Rhein-Erft-Kreis
Høgd 54–154 m
Areal 51,22 km²
Folketal 61 252 (31. desember 2023)
Postnummer 50354
Retningsnummer 02233
Bilnummer BM
Kart
Hürth
50°52′39″N 6°52′34″E / 50.8775°N 6.8761111111111°E / 50.8775; 6.8761111111111
Wikimedia Commons: Hürth

Hürth er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 60 000 innbyggjarar og ein av forstadane til Köln. Han ligg i kreisen Rhein-Erft-Kreis.

Hürth ligg om lag 9 km sørvest for Köln på nordaustsida av naturreservatet Kottenforst-Ville.

Byen består av tretten tidlegare sjølvstendige landsbyar, og er inndelt i fleire sentrum over eit relativt stort område mellom innsjøar og små skogområde.

Gamlebyen i Hürth.
Foto: Willy Horsch

Den 1. april 1930 vart landsbyane Hürth (med Alstädten og Knapsack), Berrenrath, Fischenich, Gleuel (med Sielsdorf og Burbach), Hermülheim og Kendenich (med Kalscheuren) slått saman til kommunen Hürth. Etter at Köln i nokre år hadde prøvd å innlemme Efferen til byen, vart Efferen, i tillegg til Stotzheim, i staden ein del av Hürth i 1933. Dette gjorde Hürth til den største landlege kommunen i Tyskland fram til 1978, då Hürth vart ein forstad til Köln.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hürth