1978
Utsjånad
1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1978 (romartal MCMLXXVIII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 15. februar - I Rhodesia vart statsministeren Ian D. Smith og tre svarte leiarar einige om overgang til fleirtalsstyre
- 11. mars - Eit terroråtak på motorvegen mellom Tel Aviv og Haifa drap 34 israelarar
- 16. mars - Den tidlegare italienske statsministeren Aldo Moro vart kidnappa av Dei raude brigadane. Fem av livvaktene hans vart drepne. Ein fann liket av Moro den 9. mai.
- 16. mars - Israelske styrkar gjekk inn i Libanon
- 18. mars - Zulfikar Ali Bhutto vart funnen skyldig og dømd til døden for å ha gitt ordre om å drepa ein politisk motstandar
- 24. mars - Oljetankaren Amoco Cadiz gjekk i to utanfor Bretagne og sleppte ut 50 000 tonn olje
- 27. april - Daud Khan, presidenten av Afghanistan, vart drepen i eit militærkupp
- 30. april - Den kommunistvennlege leiaren Nur Mohammed Taraki vart ny leiar av Den demokratiske republikken Afghanistan
- 23. juni - Tito vart utnemnd til jugoslavisk president på livstid
- 26. august - Albino Luciani vart vald til pave og tok namnet Johannes Paul I
- 16. oktober - Karol Józef Wojtyła vart vald til pave og tok namnet Johannes Paul II. Han vart innsett som pave den 22. oktober
- 22. juni - Månen Charon som går i bane rundt dvergplaneten Pluto vart oppdaga av James W. Christy
- 14. oktober - Daniel arap Moi vart president i Kenya
- Mokhtar Ouid Daddah vart kasta frå makta i Mauretania.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Grieghallen i Bergen var ferdig.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1978.
- 4. januar: Martin Knudsen, norsk fotballspelar
- 18. januar: Thor Hushovd, norsk syklist
- 17. april: Hannu Manninen, finsk kombinertrennar
- 9. juni: Miroslav Klose, polsk-tysk fotballspelar
- 19. juni: Dagny Mellgren, norsk fotballspelar
- 28. juli: Torbjørn Røe Isaksen, norsk politikar
- 11. september: Else Marthe Sørlie Lybekk, norsk handballspelar
- 7. november: Line Østvold, norsk snøbrettkøyrar
- 1. desember: Trygve Slagsvold Vedum, norsk politikar
- 4. desember: Lars Bystøl, norsk skihoppar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1978.
- 18. januar: John Lyng, norsk stats- og utanriksminister
- 1. mai: Aram Khatsjaturjan, sovjet-armensk komponist
- 9. mai: Aldo Moro, italiensk politikar (drepen)
- 6. august: Pave Paul VI
- 15. august: Hartvig Kiran, norsk journalist og lyrikar
- 30. august: Vebjørn Tandberg, norsk næringsdrivar
- 7. september: Keith Moon, britisk rockemusikar
- 28. september: Pave Johannes Paul I
- 17. oktober: Sigurd Evensmo, norsk forfattar
- 4. desember: Tancred Ibsen, norsk filmskapar
- 8. desember: Golda Meir, israelsk statsminister
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>