HK4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå HK 4)
HK4

HK4 er ein liten sjølvladepistol introdusert av Heckler & Koch i 1967, den første pistolen laga av dette firmaet. Han vart produsert til 1984. Om lag 38 000 vart produserte, av desse vart 12 000 selde til tysk politi og andre offentlege etatar med kaliber .32 ACP (7,65 mm Browning), og kalla HK4 P11. I kaliber .32 tek magasinet 8 skot.

Pistolen vart kalla 4 fordi han enkelt kunne omgjerast til fire andre kaliber, mellom dei kaliber .380 ACP, ved å skifte løp, drivfjør og magasin. I kaliber .380 tek magasinet 7 skot.

Pistolen er double-action, det vil seie hanen blir spend og skotet utløyst med avtrekkjaren ved først skot. Ein meiner konstruksjonen er basert på Mauser HSC.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: HK4

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråkleg wikipedia