HTML

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Døme på HTML-kode.

HyperText Markup Language, oftast forkorta til HTML, er eit markeringsspråk og ein ISO-standard for strukturering av tekst, hypertekst, filer og anna innhald i vevsider og andre dokument, som e-postmeldingar.

Med HTML merkar ein vanleg tekst med kodar som fortel nettlesaren korleis han skal visa informasjonen. Eit HTML-dokument inneheld berre tekst. Bilde og anna som skal brukast på slike sider, må det derfor lagast ei hyperkopling til. HTML-sider kan avkodast av ein nettlesar. Denne set inn bilde og andre filer slik som HTML-koden har bestemt.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kode:

<p>Dette er eit avsnitt med ei <a href="anna_side.html">hyperkopling</a>.</p>

Den avkoda HTML-koden vil visast slik:

Dette er eit avsnitt med ei hyperkopling.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]