Tekst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kort og utbreidd tekst består av eit enkelt ordbilete på fire bokstavar — STOP.

Ei tekst er vanlegvis ei skrive eller trykt samling ord som dannar ei meining, ofte er det ord i ei forteljing. Tekst viser då til både innhaldet og sjølve skriftet, altså det skrivne. I bøker utgjer teksta vanlegvis det viktigaste innhaldet, den samanhengande framstillinga, i motsetnad til noter, kommentarar og illustrasjonar. Bilettekster er forklaringar til bileta. Tekst har elles ei rekkje nærskylde tydingar. Tekst kan til dømes tyde orda i ein song eller vise (tekst til opera eller operette blir ofte kalla libretto). Omgrepet kan dessutan brukast om eit bibelsitat eller utdrag frå Bibelen, ei tekst som til dømes dannar utgangspunkt for ei preike.

Den delen av språkvitskapen som har tekster som sitt studiefelt, blir kalla tekstlingvistikk. Tekstlingvistikken studerer både verbalspråklege tekster, som både kan vere munnlege og skrivne, og tekstar som er realisert gjennom andre teiknsystem (eller kombinasjon av fleire teiknsystem), som film, teikneseriar og reklame.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Leirtavler med kileskrift frå det gamle Persia inneheld nokre av dei eldste verna tekstene i verda. Her ei tavle frå rundt år 2400 f. Kr
Koran-tekst i manuskript frå Al-Andalus i Spania frå 1100-talet.
Eit leksikon består av ei stor mengd korte saks- eller faktatekster om ulike emne. Her Illustreret norsk konversationsleksikon frå 1907-1913.

Ordet tekst stammar frå det gammalnorske textr eller texti som igjen kjem frå det latinske textus som eigenleg tyder «samanføying» eller «vev» (jamfør ordet tekstil).

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Tekster har visse kjenneteikn, uavhengig av teiknsystem og sjanger. Ei tekst må vere koherent, det vil seie bli opplevt som samanhengjande av språkbrukarane i ein viss situasjon. Ho må ha eit emne, det vil seie at ho må «handle om noko». Tekster blir tolka av språkbrukarane ut frå visse historiske og kulturelle tekstnormer, det vil seie (uuttalte) forventningar til og vaner for kommunikasjon. Normene dannar basis for dei ulike tekstsjangrane. Tekstnormer og dermed sjangerkrav kan endre seg over tid. Når det mediet som tekstene blir formidla gjennom endrar seg, eller når omstenda kring kommunikasjonen (konteksten) endrar seg, vil òg tekstnormene endrast. Eit godt eksempel er korleis normene for sjangeren TV-debatt har endra seg frå barndomen til fjernsynet til i dag.

Andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «tekst» blir brukt i litteraturvitskapen særleg om eit litterært verk eller ei skriftleg framstilling i si opphavlege språkform (ei originaltekst til skilnad frå omsetjingar). Undertekst viser ofte til den eigenlege meininga bak eller under ei utsegn.

I typografien tyder tekst tradisjonelt ein spesiell, stor skriftgrad, nemleg bokstavar med ein skriftstorleik på 20 punkt. Brødtekst er der den laupande hovudteksten, altså den vanlegaste teksttypen som setjaren og typografen tente til det daglege brødet sitt av.

Å lese nokon teksta tyder å irettesetje nokon på ein streng måte. Uttrykket kjem opphavleg frå tysk der biskopen kunne halde ein straffetale til prestane sine saman med ein opplesen Bibel-tekst.

Tekst kan i overført tyding òg tyde sak eller emne, særleg i uttrykk som «å halde seg til teksta».

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste nedskrivne tekstene er like gamle som skrivekunsten, sjølv om dei første bokstavane og skriftteikna antakeleg først og fremst vart brukt til bokføring og oversyn av ulikt slag. Munnleg overleverte tekster, til dømes faste songtekster og historieforteljingar, er mykje eldre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]