Haakon Blankenborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haakon Blankenborg
Fødd8. april 1955
Vågå
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, diplomat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Haakon Blankenborg (fødd 8. april 1955) er ein norsk politikar og diplomat frå Vågå. Han representerte Oppland fylke og ArbeidarpartietStortinget frå 1981 til 2005.

Blankenborg var sagarbeidar ved Randsverk Sag og Høvleri frå 1975 til -76. Dei neste åra studerte han ved Universitetet i Oslo og var samstundes aktiv i Arbeidernes Ungdomsfylking. I 1981 vart han innvald på Stortinget frå Oppland, og vart attvald fem gongar. Han var medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen frå 1981 til mai 1986, resten av perioden fram til 1989 var han leiar i same. Perioden 1989-93 var han med i kommunal- og miljøvernkomteen, som leiar frå november 1990. Frå 1993 til regjeringsskiftet i mars 2000 var han leiar av Utanrikskomiteen, deretter sekretær i same til hausten 2001. I sin siste periode på Stortinget var han også medlem av Utanrikskomiteen. Blankenborg var dessutan medlem av Valkomiteen 1985-93 og 1996-2005, og av fullmaktskomiteen 1989-2001.

30. september 2005 vart Blankenborg utnemnd til norsk ambassadør i Beograd.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisielt fra statsråd 30. september 2005