Haakon Garaasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haakon Garaasen
Haakon Garaasen.jpg
Fødd 6. juli 1887
Trysil
Død

7. juni 1957

Yrke skribent

Haakon Garaasen (fødd 6. juli 1887 i Galåsen, daud 7. juni 1957 i Trysil) var ein norsk journalist, lokalhistorikar og forfattar. I romanar og dokumentarbøker skildra han heimbygda og historia hennar.[1]

Haakon Garaasen var yngst av ti søsken på garden Jons i Galåsen. Han gjekk på Voss Folkehøgskule 1905-06, samstundes med Tore Ørjasæter, og var også knytt til Voss Folkehøgskule vinteren 1910-11. Ved sida av forfatterskapen livnærte han seg av jordbruk og journalistikk.[2] I ungdommen dreiv han med idrett og han var aktiv i ungdomslaget Trysalir.

I 1908 debuterte Haakon Garaasen med novellesamlinga Frå skogbygda. I alt skreiv han sju bøker. Debutboka blir karakterisert ved ein knapp, kvass stil.[2] Romanen Rogfinne (1912) skildrar motsetninga mellom skogfinnar og nordmenn på 1800-tallet, mens Tungsjøætta (1916) handlar om destruktiv ættestolthet. I trebindsverket med lokalhistorie (1923-25) utvikla han «en spennende blandingssjanger»[3] av sakprosa, sagn og fortelling.

Sjukdom kan ha vore noko av forklaringa på at Garaasen ikkje heldt fram med som forfattar utover i 1930-åra.[2] Han skreiv imidlertid for aviser og blad både i Norge og Sverige. Under andre verdenskrigen var han medlem av Nasjonal Samling.[2] Fotosamlinga hans er teken vare på i Trysil folkebibliotek.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1908: Frå skogbygda, noveller
  • 1912: Rogfinne, roman
  • 1916: Tungsjøætta, roman. Omsett til svensk
  • 1923-25: Frå grensebygder og Finnskogar, lokalhistorie
    • 1923: Trysilmalm og andre malmar
    • 1924: Magre vilkår
    • 1925: Emigrantane frå Suomi Kallevalas land
  • 1929: I daleskog, dikt og sagn. Sammen med Paul Lundh

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Haakon_Garaasen» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)
  3. Geir Vestad. «Markens grøde på Finnskogen» i Hamar Arbeiderblad, 29. april 2009

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Håkan Axelsson. «Haakon Garaasen, ett liv speglat i ett arkiv. » i Årbok for Trysil, 1987