Skogfinnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skogfinnar (svensk: skogsfinnar eller svedjefinnar) var grupper av finnar frå særleg Savolax i Finland (som då låg under Sverige), som på slutten av 1500-talet og byrjinga av 1600-talet innvandra til ulike skogsområde i Midt-Sverige og Søraust-Noreg. Ikkje minst kom denne innvandringa til å prege det store skogsområdet, Finnskogen, på båe sider av den noverande riksgrensa mellom Noreg og Värmland i Sverige, grovt avgrensa av elvane Glomma i Noreg i vest, Klarälven i Sverige i aust, og i Noreg av Eidskog kommunes grense i sør og Trysilvegen i nord. På sitt tradisjonelle vis bygde dei i slike skogsområde sine gardshus og skaffa seg åker og beiteland ved såkalla svedjebruk, som går ut på å hogge og brenne skogen for å dyrke i oska.

Svedjebruket kravde store areal med skog, og dette var tilgjengeleg i desse områda, som låg langt vekk frå bygdene. Både i Noreg og Sverige fekk desse skogsområda etter kvart namna finnskogar eller finn(e)marker (mark i tydninga skogsmark, jamfør namn som til dømes Nordmarka). Finnskogen langsetter riksgrensa mot Värmland var hovudområdet for denne finske busetnaden i Noreg. Men det var òg finsk busetnad i andre skogsområde på Austlandet, mellom anna i dei skogsområda sør for Tyrifjorden som har fått namnet Finnemarka. Namna som finnane sette på stadar, elver, vatn, myrar og åsar i desse områda er framleis i bruk, ofte i norsk språkdrakt, og gjerne med tilføyingar som fylgje av mistydingar av dei finske orda.

Den tradisjonelle jorddyrkinga ved svedjebruk, den tradisjonelle byggjeskikken med mellom anna røykstover med ein stor oppmurt steinomn (røykomn) som tok om lag fjerdeparten av plassen i rommet, og den skogfinske kombinasjonen av kristen tru og tradisjonell folketru, utgjorde ein særeigen skogfinsk kultur i høve til den norske og svenske. Det er skipa kulturhistoriske museum, i Noreg Norsk Skogfinsk Museum på Finnskogen, som tek vare på bygningar, gjenstandar og anna materiale som kan kaste ljos over livsvilkåra til skogfinnane og innvandringssoga deira, og gje grunnlag for forsking.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]