Haine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haine i Havré.

Haine (nederlansk Hene, tysk Henne) er ei elv sør i Belgia (Hainaut) og nord i Frankrike (Nord), og ei av sideelvane til Schelde frå høgre. Haine har gjeve namn til Grevskapet Hainaut, og den noverande provinsen Hainaut. Ho har sitt utspring i Anderlues i Belgia, og renn gjennom den sterkt industrialiserte regionen Borinage, og mellom anna gjennom byane La Louvière, Mons og Saint-Ghislain. Eit par kilometer etter ho kryssar grensa til Frankrike, munnar Haine ut i Schelde i Condé-sur-l'Escaut.