Departementet Nord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå departementet Nord på Haiti.
Nord
Våpenskjoldet til Nord
Plassering
Plasseringa til Nord i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 59
Region: Nord-Pas-de-Calais
Préfecture: Lille
Sous-préfectures: Avesnes-sur-Helpe
Cambrai
Douai
Dunkerque
Valenciennes
Arrondissement: 6
Kantonar: 79
Kommunar: 652
Président du conseil général: Bernard Derosier
Statistikk
Folketal Rangering 1.
 -2005 2 576 260
Folketettleik: 449/km²
Landareal¹: 5 743 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Nord er eit departementet lengst nord i Frankrike. Departementet ligg i regionen Nord-Pas-de-Calais. Nord er det franske departementet med flest innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nord er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen.

Nord består av dei franske delane av Flandern, bortsett frå dei vestlege delane som vart fråskild i 1237 som Artois, og som i dag er ein del av nabodepartementet Pas-de-Calais, og Hainault. Dette området var ein del av Dei spanske nederlanda, men vart avstått til Frankrike etter fleire traktatar (1659, 1668 og 1678).

Området har vore busett sidan førhistorisk tid, og har etter tur vore busett av keltarar, romarar, germanske frankarar og alemannarar. På 300- og 400-talet samarbeida romarane med germanske stammer, som medverka med militær støtte langs ruta frå Boulogne til Cologne. Dette skapte ei germansk-romansk språkgrense i området, som varte fram til 700-talet. Då saksarar koloniserte området frå 400- til 700-talet strakk denne grensa seg noko lenger sørover og vestover, slik at dei fleste innbyggjarane nord for Lille på 800-talet snakka ein dialekt av middelnederlandsk, medan innbyggjarane i sør snakka forskjellige romanske dialektar. Denne språkgrensa ser ein framleis i dag i stadnamna. Det er i dag om lag 20 000 innbyggjarar som nyttar den nederlandske dialekten vestflamsk rundt Dunkerque.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Nord-Pas-de-Calais og grensar til departementa Pas-de-Calais og Aisne, i tillegg til Belgia og Nordsjøen i nord.

Den vestlege halvdelen i nord grensar mot Belgia, og departementet er uvanleg langt og smalt. Administrasjonssenter er Lille, som i lag med dei nærliggande byane Roubaix, Tourcoing og Villeneuve d'Ascq dannar eit område med litt over ein million innbyggjarar. Andre viktige byar er Valenciennes, Douai, og Dunkerque.

Dei viktgaste elvene i departementet er:

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Området var i føregrunnen under industrialiseringa i Frankrike på 1800-talet, og vart hardt råka under den første verdskrigen. I dag står departementet føre problema som følgje av at gruvedrifta etter kol er i tilbakegong.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Nordistes.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departementet Nord