Haldde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lille-Haldde med det tidlegare observatoriet
Foto: HenrikJ

Haldde er ein fjelltopp i Alta kommune, Finnmark, 1149 moh. Toppen ragar høgast av alle fjella rundt Altafjorden.

Namnet er samisk og tyder «det heilage fjellet».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit magnetisk-meteorologisk observatorium vart bygd på Haldde 904 moh etter initiativ av professor Kristian Birkeland som såg for seg at nordlyset kunne ha påverknad på vêret. I 1899 fekk han Stortinget si godkjenning til å bygge observatorium på Haldde. To provisoriske bygg vart sett opp på toppane dei kalla Sukkertoppen og Talviktoppen. Birkeland overvintra sjølv på Haldde vinteren 1899-1900. Sem Sæland som seinare vart den første rektoren på Noregs Tekniske Høgskole i Trondheim, hadde ansvaret for observatoriet på Talviktoppen som vart gjeve opp alt etter den første sesongen. Birkeland sin avhandling om «Den norske aurora borealis ekspedisjonen 1899-1900» kom ut på fransk med eit tittelblad pryda av ei teikning av Haldde og det reine norske flagget (utan unionsmerket) sjølv om det vart trykt i 1901.

Fra 1910 gav staten midlar til fast drift. I ein søknad om stønad til føretaket understreka han at observatoriet ville verte ei gullgruve for vinskapelege oppdagingar som særleg kunne kome meteorologien til gode og på den måten vere til nytte for fiskarane i området. Forslaget vart støtta av ein universitetskomite som bestod av professorane Mohn, Schiøtz, Geelmuyden, Størmer og Bjerknes. I grunngjevinga deira heiter det: «På grunn av de sterke temperaturmotsetninger, især om vinteren, mellom det varme Golfstrømvann utenfor og den sibirske kulde inne på Finnmarksvidden, opptrer de bevegende krefter i atmosfæren med usedvanlig voldsomhet, og gjør Finnmark til et av de stormfulleste steder på jorden og derfor til et usedvanlig gunstig sted for studiet av dynamisk meteorologi»[1]

Ein ny bygning stod ferdig i 1912 og utvida i 1914-15. I tillegg til observatoriebygningen vart det oppført ein hovudbygning med fire leilegheiter, kontor og instrumentrom. Utanfor førte underjordiske gangar til akkumulatorrom, vaskehus og badstu. Det vart bygd 9 km køyreveg, og om vinteren gjekk det transport langs ein taubane. På det meste budde det tre barnefamiliar på Haldde. Etter påbygging vart så observatoriet fast bemanna i 15 år (1912-1926). Bestyrar frå 1912 var Ole Andreas Krogness (født 1886, død 1934). Seinare flytta Krogness til Tromsø, og svensken Hilding Köhler vart bestyrar (1918-26). Då Stortinget avgjorden nedlegging i 1926, var grunngjevinga dei høge kostnadane. Verksemda vart då flytta til det nye Nordlysobservatoriet i Tromsø. Krogness er gravlagt i Nesttun med ei støtte henta frå Haldde.

Tyskarne brann bygningen i 1944. Berre murane stod tilbake.

I 1974 fekk Alta besøk av Olaf Devik som hadde ansvaret for dei meteorologiske observasjonane på Haldde observatorium frå 1915-1918. Han foreslo restaurering av bygningane, og det var slik Alta historielag kom i gang med restaureringa av Haldde. Alta kulturutvalg fekk midlar til restaureringen av kommunen, og Norsk kulturråd gav 150 000 kr til restaureringa i 1982. Alta historielag hadde ansvaret for restaureringa fram til 1985. Då overtok Alta Museum det faglege arbeidet. Alta historielag har fått gullmedalje for innsatsen ved Haldde-restaureringa frå «Den internasjonale organisasjon for geomagnetisme og aeronomi».

Aktiviteter[endre | endre wikiteksten]

I dag er Haldde-toppen ein ynda utfartsstad for ivrige turgåarar, og kvart år vert Haldde-marsjen halde av Alta IF si handballgruppe. Det er høve for overnatting, med sengeplass for tolv personar.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ["Det norske meteorologiske institutt 1866-1966", Oslo 1966]
  2. [1]

Koordinatar: 69°55′45.23″N 22°48′29.74″E