Haldia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haldia Institute of Technology.

Haldia er ein hamneby i Vest-Bengal i India med litt over 200 000 innbyggjarar.[1] Saman med Kolkata lengre nord på elva er Haldia ei viktig internasjonal hamn for India, og den femte største hamna i landet.

Haldia ligg ved møtestaden til elvane Haldi og Hugli, begge munningsarmar av Ganga. Han ligg i distriktet Purba Medinipur, rundt 9 mil nord for elvemunningen ved Bengalbukta og 6 mil sør for Kolkata. Hamna i Haldia blei hovudsakleg bygd for å avlasta Kolkata. Ho kan ta imot større havgåande skip, og er både ei viktig eksport- og importhamn. I tillegg til elvefart har byen veg- og jernbanesaband med Kolkata og vegsamband med Kharagpur og Jamshedpur i vest.

Byen huser fleire høgskular, mellom anna Haldia Institute of Technology, Haldia Government College, Haldia Law College, Haldia Paramedical College, Global Institute of Science and Technology, Haldia Institute of Dental Sciences & Research, ICARE Institute of Medical Sciences & Research og Haldia Institute of Maritime Studies and Research.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ved folketeljinga i 2011 blei det registrert 200 762 innbyggjarar. (Census of India; Provisional Population Totals Paper 2 of 2011 : India (Vol II), Cities having population 1 lakh and above - PDF-fil).
  • «Haldia» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 8. januar 2014.
  • Geography, hda.gov.in. Henta 8. januar 2014.
  • «About Haldia», icare-haldia.org. Henta 8. januar 2014.