Kolkata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
কলকাতা, कोलकाता, Kolkata
Satellittbilde av Kolkata med elva Hugli (2007)
Satellittbilde av Kolkata med elva Hugli (2007)
Satellittbilde av Kolkata med elva Hugli (2007)
Styresmakter
Delstat
Land
Vest-Bengal
India
Grunnlagd av Austindiakompaniet 1690
Borgarmeister Sovan Chatterjee
Geografi
Flatevidd 206,08 km²
Flatevidd
 - By

1 500 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik
 - Storbyområde

4 580 544
  9 920/km²
14 681 589
Høgd over havet 9 m
Tidssone IST (UTC+5:30)
Diverse anna
Heimeside: https://www.kmcgov.in
Nettstad: www.kmcgov.in

Kolkata (bengali কলকাতা), tidlegare kjend som Calcutta, er hovudstaden i den indiske staten Vest-Bengal. Han var hovudstad i Britisk India fram til Delhi overtok i 1911. Byen var den folkerikaste i India fram til han blei forbigått av Mumbai på 1980-talet. Når ein reknar med det kringliggjande byområdet er Kolkata i dag det tredje folkerikaste slike området i landet, etter Mumbai og Delhi, og det åttande folkerikaste i verda.[1]

Byen ligg på breiddene til den store Hugli (Hooghly), ei sideelv til Ganges. Han er naboby med Howrah på vestsida av Hugli. Kolkata er eit transportsentrum der hovudvegar og jarnbanar går saman. Ei internasjonal lufthamn, Dum Dum, ligg rundt 15 km nordaust for sentrum.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet, Kolkata, Kolikatta (bengali) eller Calcutta (tidlegare engelsk form), er truleg avleidd av namnet på landsbyen Kalikata som saman med Sutanuti og Govindapur blei slått saman til den nye byen under britisk kolonistyre. Namnet blei offisielt endra til Kolkata, også på engelsk, i 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle soga til byen tek til i 1690, då Job Charnock, ein administrator for Det britiske Austindiakompaniet, skal ha grunnlagt han som ein handelsstad. Ei festning for britiske soldatar, Fort William, stod ferdig på staden i 1702. Calcutta blei den britiske hovudbyen i regionen, som seinare blei kalla Bengal Presidency. Byen låg godt til for handelsverksemd, men innbyggjarane var utsette for ei rekkje tropesjukdommar.

I 1756 byrja britane forsterka festninga, som svar på stadige konfliktar med franske kolonialistar. Etter at protestar frå nawaben (den lokale herskaren) Siraj-Ud-Daulah ikkje førte fram, gjekk han til åtak på og tok Fort William. I ei hending som blei vidkjend som Black Hole of Calcutta skal bengalarane så ha halde britiske krigsfangar fanga i eit lite fangehòl ei tropenatt slik at at dei fleste omkom. Året etter tok Robert Clive tilbake kontroll over området og vann store erstatningar frå nawaben.

Esplanaden i Calcutta i 1850.

Calcutta blei utnemnd til hovudstaden for Britisk India i 1772. Tidleg på 1800-talet blei sumpområdet rundt drenert og bygd på. Langs Hugli blei det bygd prangande offiselle bygg, særleg under generalguvernøren Richard Wellesley (1797–1805). Ved midten av 1800-talet var byen delt i to område, «White Town» ved Chowringhee, der det hovudsakleg budde europearar, og «Black Town» i nord, der dei fleste innfødde indarar heldt til.

På 1700- og 1800-talet var byen sentrum for den britiske opiumshandelen. Frå 1850-åra gjekk han gjennom ei rask industrialisering, særleg innan tekstilsektoren og juteproduksjon. Dette førte vidare til offentlege investeringar i infrastruktur som jernbane og telegraf. 1800-talet markerte også byrjinga på Bengal-renessansen, ei sosiokulturell rørsle der bengalske intellektuelle utvikla ein indisk modernitet. Calcutta blei også sentrum for den indiske frigjeringsrørsla. Delinga av Bengal i 1905 førte til store offentlege protestar og boikott av britiske produkt (Swadeshi-rørsla). I 1911 blei Bengal delvis gjenforeint, medan kolonihovudstaden blei flytta til New Delhi.

Hugli og Kolkata i 1945.

Byen leid hardt under hungersnauda i Bengal i 1943. I samband med delinga av Britisk India, då Bengal igjen blei delt mellom India og Pakistan, opplevde byen 1946–47 valdsame samanstøytar mellom hinduar og muslimar. Byen blei verande del av India, men mista delar av det naturlege omlandet sitt til Aust-Pakistan (noverande Bangladesh), og mottok millionar av flyktningar derfrå. I samband med krigen mellom Vest- og Aust-Pakistan i 1971 kom ein ny, stor flyktningstraum. Innvandringa av flyktningar frå Bangladesh og arbeidssøkande frå delstatane Bihar, Orissa og Uttar Pradesh fortsette inn på 1980-talet, og har vore med på å forsterka dei enorme sosiale og økonomiske problema i byen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Byen er sete for tre universitet, det eldste grunnlagt i 1857, fleire høgskular og forskingsinstitusjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kolkata

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølgje SN-tal frå 2009

«Kolkata» i Store norske leksikon, snl.no.


Spire Denne geografiartikkelen som har med India og Bengal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.