Hale-Bopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
C/1995 O1 (Hale–Bopp)
Comet Hale–Bopp, shortly after passing perihel in April 1997.
Oppdaging
Oppdaga av: Alan Hale / Thomas Bopp
Oppdaga dato 23. juli 1995
Alternative namn: The Great Comet of 1997,
C/1995 O1
BaneelementA
Epoke 2450460.5
Aphel (Q) 370.8 AU[1]
Perihel (q) 0.914 AU[1]
Store halvakse (a) 1,6 AU
Eksentrisitet (e) 0.995086
Førre perihel 1. april 1997[1]
Neste perihel ~4385[2]

Kometen Hale–Bopp (tidlegare kjend som C/1995 O1) vart observert i 1995 og rekna som den sterkast lysande kometen på fleire tiår. I heile 18 månadar kunne me sjå kometen frå Jorda, meir enn dobbelt så lenge som førre rekordhalder, Den store kometen av 1811.

Hale-Bopp vart oppdaga 23 Juli 1995, eit godt stykke frå Sola, og reiste forventningar om ei betydelig opplysing av Jorda. Sjølv om det er veldig vanskeleg å spå i kvar stor grad den kjem til å spreie lys, så møtte Hale-Bopp dei fleste spådomane i det den passerte aphel 1 April 1997. Kometen vart kalla den Store Komet av 1997.

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Kometen vart først oppdaga i 1995 av to sjølvstendige observatørar, Alan Hale og Thomas Bopp, begge i USA.

Hale hadde brukt hundrevis av timar i søk etter kometar utan hell, og følgde med på kjende kometar frå oppkjørselen sin i New Mexico då han plutseleg kom over Hale-Bopp rett etter midnatt. Kometen hadde ein tilsynelatande storleiksklasse på 10.5 og låg nære kulehopet M70 i konstellasjonen av Skytten. Hale oppdaga først at det ikkje var nokon fjerne objekt nær M70, og konsulterte umiddelbart ein katalog med kjende kometar, der han fann ut at det ikkje var nokon kjende i dette området. I det same han oppdaga at objektet bevega seg i forhold til stjernene i bakgrunnen, sendte han ein epost til Central Bureau for Astronomical Telegrams, der dei klarlegg astronomiske oppdagingar.

  1. 1,0 1,1 1,2 «JPL Small-Body Database Browser: C/1995 O1 (Hale–Bopp)». 8. april 2015 last obs. http://ssd.jpl.nasa.gov/sbdb.cgi?sstr=Hale-Bopp. Henta 13. juni 2016. 
  2. «Solex 10 estimate for Next Perihelion of C/1995 O1 (Hale-Bopp)». http://home.surewest.net/kheider/astro/Hale-Bopp4385.txt. Henta 13. juni 2016.