Skytten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skytten
Skytten
Latinsk namn Sagittarius
Forkorting Sgr
Genitivsform Sagittarii
Symbologi Frå grekarane
Rektasensjon 19 h
Deklinasjon −25°
Areal 867 kvadratgrader
nr. 15 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
7
Sterkaste stjerne Kaus Australis (ε Sgr) (1,9. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +55° og −90°

Skytten (frå latin Sagittarius) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er eit av dei 48 stjernebileta astronomen Klaudios Ptolemaios oppførte på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det ligg mellom Skorpionen og Slangeberaren i vest og Steinbukken i aust.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Skytten slik det er for det nakne auga.

α Sgr (Rukbat) er ikkje den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, trass i Alfa-nemninga, og har ein storleiksklasse på berre 3,96. I staden for er den mest lyssterke stjerna Epsilon Sagittarii (ε Sgr) (Kaus Australis), med storleikeklasse 1,85.[1]

Sigma Sagittarii (σ Sgr) (Nunki) er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet med storleiksklasse 2,08. Nunki er ei B2V-stjerne som ligg kring 260 lysår unna.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. James B. Kaler, Prof. Emeritus of Astronomi, University of Illinois, http://stars.astro.illinois.edu/sow/sowlist.html
  2. Chartrand III, Mark R. (1983). Skyguide: A Field Guide for Amateur Astronomers. New York, NY: Golden Press. s. 184. ISBN 0-307-13667-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skytten

Koordinatar: Sky map 19h 00m 00s, −25° 00′ 00″