Hall in Tirol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bybilete frå Hall

Hall in Tirol er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen er 5,54 km² vid og har i kring 13 700 ibuarar. Byen Hall ligg i Inndalen om lag 10 km aust om Innsbruck, på nordbreidda av elva Inn, 574 meter over havet.

Hall har både sjukehus, distrikts-tinghus og eit privatuniversitet som syslar med helsevitskap og medisinsk-teknisk forsking. FELDER-gruppe, eit firma som lagar maskinar til trevarefabrikkar, held også til byen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Hall spelte ei viktig rolle på 1200-talet, grunna ei saltgruve nord for byen. Saltet vart eksportert til store delar av Europa. Hall fekk byrettar i 1303 og var frå 1477 også setet for Tirol sitt myntverk. Byen hadde eit av myntverka i Austerrike-Ungarn heilt fram til byrjinga av 1900-talet. Alt dette gjorde Hall til ein av dei viktigaste handelsstadene i Tirol. Saltgruva vart lagd ned i 1967.

Mange bygningar frå stordomstida på 1500- og 1600-talet er i god stand, trass i at eit jordskjelv i 1670 gjorde stor skade. Bybiletet er prega av fleire kloster i renessanse- og barokkstil, mange kyrkjer i til dømes gotisk stil, borga Hasegg med Münzerturm (myntverkstårnet), samt bustad og butikkvartal i tronge, mellomalderprega smau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]