Halldór Ásgrímsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halldór Ásgrímsson
Halldor.jpg
Fødd 8. september 1947
Vopnafjörður
Død

18. mai 2015
Reykjavík

Verv Statsminister på Island
Periode 2004-2006
Føregjengar Davíð Oddsson
Etterfylgjar Geir Haarde
Halldór Ásgrímsson på Commons

Halldór Ásgrímsson (8. september 194718. mai 2015)[1] var ein islandsk politikar som var statsminister på Island frå 15. september 2004 til han gjekk av 5. juni 2006. Han har leia Framsóknarflokkurinn («Framstegspartiet», det islandske sentrumspartiet) sidan 1994.

Ásgrímsson studerte mellom anna i Noreg, på NHH i Bergen. Han sat nesten uavbrote i Alltinget sidan 1974, og var dermed lenge den som hadde sete lengst i Alltinget blant representane der.

Halldór Ásgrímsson hadde fleire mange ministerpostar, mellom anna fiskeriminister (1983 til 1991), justis- og kyrkjeminister (1988 til 1989), minister for nordisk samarbeid (1985 til 1987) og utanriksminister (1995 til 2004). Han var også generalsekretær for Nordisk Ministerråd[2] frå 2007 til 2013.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]