Hopp til innhald

Halleluja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alleluia av Thomas Cooper Gotch

Halleluja er ein språkleg interjeksjon. Opphavet er hebraisk (הַלְּלוּיָהּ) av הַלְּלוּ (‘lovpris’) og יָהּ (Jah) altså «lovpris Jah». «Jah» heng saman med, og blir ofte oppfatta som ein stuttversjon, av namnet på den jødisk-kristne guden JHVH. Det blir m.a. brukt som eit religiøst lada gledesrop av både jødar og kristne.

I Den katolske kyrkja

[endre | endre wikiteksten]

I Den katolske kyrkja blir ordet brukt i samband med lesinga av Evangeliet under Ordet si liturgi, ved at lesinga startar med eit trefaldig halleluja og eit hallelujavers. I fastetida bruker ein ikkje ordet halleluja, då det er eit gledesrop som ikkje passar for denne tida. Ved påskevigilien tar ein igjen i bruk utropet, ofte på ein spesielt høgtideleg måte. Bakgrunnen for denne bruken av Halleuja er den tidlege kristne gudstenesta, sml. Op 19,1. 3-4. 6.

Annan bruk

[endre | endre wikiteksten]