Hebraisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hebraisk språk)
Gå til: navigering, søk

Hebraisk (hebraisk עִבְרִית [‘ib'rīt]) er eit vest-semittisk språk, nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skriven med det hebraiske alfabetet.

Bibelsk hebraisk[endre | endre wikiteksten]

Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen / Det gamle testamentet. Bibelsk hebraisk er særprega av eit etter måten komplekst verbsystem og utbreidd bruk av pronominale endingar. Ei tydeleg utvikling kan sjåast frå det heller enkle språket i Toráen til dei meir komplekse uttrykksformene med større ordforråd og meir indirekte/poetiske uttrykksformer i Profetane og Skriftene.

Misjnaisk og rabbinsk hebraisk[endre | endre wikiteksten]

I perioden etter det babylonske eksilet ser vi ei tydeleg auke i påverknaden frå arameisk i form av lånord og i form av grammatisk forenkling av ein type som er typisk for fleirspråklege samfunn. Det er uklart i kva grad hebraisk framleis var aktivt som morsmål eller ikkje — men hebraisk var definitivt i stadig bruk og under språkleg utvikling. Det hebraiske språket som vi ser det i Misjná har eit noko enklare infleksjonssystem og fonologisk system enn hebraisk og mange lånord frå arameisk, persisk, gresk og latin (eks.: פמיליא pammíleyá (frå latin familia)).

Moderne/israelsk hebraisk[endre | endre wikiteksten]

Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk blir gjerne betrakta som «attoppliva» av Eliezer ben-Yehuda.

Tre syn på israelsk hebraisk[endre | endre wikiteksten]

Eit relativt utbreitt syn er det åt den konservative leiren som hevdar at israelsk hebraisk er eit reint semittisk språk, og at alle avvik frå bibelsk hebraisk er å rekna for substandard variasjon.

Lingvisten Paul Wexler (forfattar av dei kontroversielle bøkene The Schizoid Nature of Modern Hebrew: A Slavic Language in Search of a Semitic Past (1991), The Ashkenazic Jews: A Slavo-Turkic People in Search of a Jewish Identity (1993), og The Non-Jewish Origins of the Sephardic Jews (1996)) representerer den revisjonistiske leiren som hevdar at moderne hebraisk eigentleg er jiddisch med hebraisk vokabular — og i tillegg at jiddisch eigentleg er eit slavisk språk.

Lingvisten Ghil‘ad Zuckermann (D.Phil., Oxford; forfattar av Language Contact and Lexical Enrichment in Israeli Hebrew (2003)[1]) meiner at israelsk hebraisk (som han kallar for 'israelsk') er eit semittisk/indoeuropeisk hybridspråk med hebraisk og jiddisch som primære utgangsspråk, og språk som russisk, polsk, engelsk, djudíospanjol (òg nokre gonger misvisande kalla «ladino») og arabisk som sekundære kjelder.


Semittiske språk
Austsemittisk: akkadisk
Nordvestsemittisk: ugarittisk · hebraisk · arameisk · arabisk · maltesisk
Sørsemittisk: geez · amharisk · tigrinja · tigré · gurage · harari