Halls hammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klatrarar på veg mot Halls hammer.

Halls hammer er ein bratt, liten fjellvegg mellom Midtre og Vetle Skagastølstind. Det var her dansken Carl Hall gav opp då han prøvde å klatre Vetle Skagastølstind i 1885. Året etter klarte eit taulag med Charles W. Patchell å passere hammaren over eit sva som fekk namn etter han.

Ved travers av Skagastølsryggen vert Halls hammer normalt passert på austsida over Patchells sva med vanskegrad 3–4. Halls hammer i front har gradering 6+.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.