Hallvard Ørsal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallvard Ørsal
Fødd1876
Død1943
Verka sommusikar

Hallvard Ørsal (1876-1943) var ein spelemann frå Todalen, kjend både i Gudbrandsdalen og på Vestlandet. Han vart eit viktig førebilete for Hans W. Brimi.

Diktaren Leif Halse skreiv eit dikt om Hallvard, som seinare vart tonesett av Henning Sommerro:

Eg minnest so vel han Hallvard
og klangen frå fela hans
Det var liksom stova ljøsna
Når han spela opp til dans
Og fela hans Hallvard ljøa
og song med så vent eit mål
så mjukt som på seljefløyte
så kvasst - ja, som klang av stål
Han fanga inn nye tonar
frå flaumelv og gjerd og hjell
han dikta i eigne slåttar
minne frå dal og fjell
så la han den kjære fela
tett inntil sin herd og hals
og fingrann fann rette grepa
i sjølvlaga "tovass-vals".
Han åtte så rike evner
Han gøymte så dyrt eit funn
I truskap vørsla han arven
heilt til si siste stund
og fela hans Hallvard spellmann
skal tone frå dal og li
så lenge vi trufast vørslar
arven frå gamal tid.