Hans W. Brimi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans W. Brimi
Fødd 22. desember 1917
Død

14. juni 1998

Yrke musikar

Hans W. Brimi (19171998) var ein spelemann frå Lom kommune i Gudbrandsdalen, og den førande på spel i den øvre delen av dalen på 1900-talet.

Hans kom frå Garmo, og dreiv gard i Vårdalen i mange år. Han vart tidleg inspirert av Hallvard Ørsal frå Todalen, som han såg opp til heile livet.

Hans Brimi vann Landskappleiken i klasse for vanleg fele 13 gonger. Han reiste mykje på konsertar, både i Noreg og utanlands. Han fekk og spelt i uvanleg mange plater.

Hans Brimi var og ein dugande slåttekomponist, og gjorde mykje arbeid for spelet i Gudbrandsdalen.