Halsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Halsvik er ein gard i Gulen kommune. Halsvik ligg ved botnen av Halsvikvågen på nordsida av Fensfjorden. Sjølve garden ligg ved ein sidearm frå riksveg 57 mellom Steine og Sløvågen. Husa ligg 13-18 meter over havet.

Namnet vert uttala ha`lsvikja, og viser til skapet på Halsvikvågen som har ein lang trong "hals" lengst ute. Namnet er først nemnt i 1567 og er då skrive Helsuig, i 1610 og 1667 Halsuig, og Halsvig i 1723. [1] Namnet er brukt minst tre gonger til gardsnamn i Noreg (i tillegg til Gulen, i Sør-Trøndelag og Nordland).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]