Hamburgbibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon frå Hamburgbibelen

Hamburgbibelen (dansk: Hamborgbibelen) er ein handskrive praktbibel i tre band som tilhøyrer Det Kongelige Bibliotek i København. Han inneheld ein serie bilete som beskriv framstillinga av ei handskrive bok anno 1255. Biletserien er teikna inn i initialane; dei store byrjingsbokstavane.

Verket vart framstilt til domkyrkja i Hamburg i 1255. Dei tre banda inneheld 700 blad av pergament, kvar av blada er ein halv meter høgt, og samla har verket ei vekt på 40 kilo. Hamburgbibelen vart kjøpt av Det Kongelige Bibliotek på ein auksjon i 1784.[1]

Hamburgbibelen vart ein del av UNESCO sitt verdsminneprogram frå Danmark i 2011.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hamburgbiblen del af verdens kulturarv» (dansk). Det Kongelige Bibliotek. Henta 30. november 2014. 
  2. «Memory of the World: MS. GKS 4 2°, vol. I-III, Biblia Latina. Commonly called “the Hamburg Bible”, or “the Bible of Bertoldus”» (engelsk). UNESCO / Memory of the World. Henta 30. november 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hamburgbibelen
Spire Denne Danmarkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.