Hamburger Sternwarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamburger Sternwarte
Bdstern 1.jpg
StadBergedorf i Hamburg i Tyskland
EigarUniversität Hamburg

Hamburger Sternwarte (Hamburg observatorium) er eit astronomisk observatorium som ligg i bydelen Bergedorf i Hamburg i Nord-Tyskland. Universität Hamburg har ått og drive observatoriet sidan 1968. Det blei grunnlagd i byen Hamburg og flytta til sin noverande stad i 1912. Observatoriet har operert teleskop i Bergedorf, på to andre steder i Hamburg og ved andre observatorium rundt om i verda, i tillegg til at det har støtta romfartar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stintfang (1802–1811)[endre | endre wikiteksten]

Føregangaren til Hamburg observatorium var det private observatoriet til Johann Georg Repsold som blei bygga i 1802. Det låg opphavleg i Stintfang i Hamburg.[1] Han utstyrte observatoriet med utstyr han sjølv hadde laga i verkstaden si, mellom anna ein meridiansirkel på 8 fot, med en diameter på 3,5 fot som blei installert i 1803.[2] Napoleon sin invasjon av byen den 13. desember 1819 sette ein stoppar for aktivitetane ved observatoriet, og det blei øydelagd og rive.[2] Repsold lét seg ikkje stogga, og skreiv eit brev til senatet i Hamburg same året med planar for eit nytt observatorium for byen.[2]

Millerntor (1825–1906)[endre | endre wikiteksten]

Senatet gav ikkje godkjenning før i 1820, og finansieringa var først klar i august 1821, med krav om at J.G. Repsold sjølv skulle stå for utstyret av eigen lomme.[2] På denne tida hadde sjøfarten blitt stadig meir viktig for byen og det var ei aukande oppfatting at observatoriet ville støtta navigasjonen og auka ryet og respekten for Hamburg på verdsbasis.[2] Bygginga av det nye observatoriet byrja 1824 og blei ferdig året etter ved Millerntor.[2] Repsold døydde i 1830 under ei brannsløkking (han var også en brannmann i Hamburg), og byen Hamburg stemte for å ta over og fortsetja drifta av observatoriet i 1833.[3] Den første direktøren var Charles Rümker, som hadde vore med Thomas Brisbane på å byggja det første australske observatoriet ved Parramatta.[4] Christian August Friedrich Peters blei assisterande direktør i 1834. I 1856 blei sonen til Rümker, Georg, direktør for observatoriet.

Etter flyttinga til Bergedorf blei det gamle anlegget delvis rive og ombygga til museet Museum für Hamburgische Geschichte.

Bergedorf (1912–)[endre | endre wikiteksten]

På grunn av aukande lysforureining ble det i 1906 bestemt å flytte observatoriet til Bergedorf. I 1909 ble de første instrumentene flyttet dit og i 1912 ble det nye observatoriet offisielt åpnet.

Det europeiske sørobservatoriet blei grunnlagd i Bergedorf i 1962.

Hamburg 1m reflektoren (100 cm objektivblenderåpning) var verdas fjerde største reflektor då han blei teken i bruk i 1911.[5] Katalogar omfattar AGK3-Sternkatalog (fullført 1956-1964)

I 1968 blei observatoriet ein del av Universität Hamburg.[6] I 1979 blei det innvigd eit lite museum om Bernard Schmidt her.[7] I 2012 feira ein 100 år i Bergedorf.[8]

Tilknytte personar[endre | endre wikiteksten]

Direktørar:

Bernhard Schmidt, oppfinnaren av Schmidt-kameraet, arbeidde på observatoriet med å laga telekcop og instrument og gjera observasjonar frå 1916. Walter Baade.[12]

I 1928 gjorde Kasimir Graf ei rekkje observasjonar i Hamburg før han flytta til Wien obervatorium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (tysk) Johann Georg Repsold - Der Gründer der Hamburger Sternwarte hos friedensblitz.de
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 (engelsk) History of the Observatory - EARLY HISTORY Arkivert 2. januar 2014 på Wayback Machine. hos uni-hamburg.de
  3. «Hamburger Sternwarte - Overview History». Arkivert frå originalen 2014-06-27. Henta 1. oktober 2014. 
  4. (tysk) [Charles Rümker, Erster Sternwartendirektor in Hamburg]
  5. «Hamburg Observatory - Overview: Buildings & Telescopes». Arkivert frå originalen 2012-02-07. Henta 5. mars 2012. 
  6. «5. RECENT HISTORY (1968 - 2000)». Arkivert frå originalen 2007-06-25. Henta 27. februar 2009. 
  7. «Appendix». Arkivert frå originalen 2012-02-13. Henta 1. september 2015.  A SHORT HISTORY OF HAMBURG OBSERVATORY, BY STUART R. ANDERSON AND DIETER ENGELS, JULY 2004
  8. (tysk) 100 100 Years of the Observatory Bergedorf hos uni-hamburg.de
  9. http://www.adb.online.anu.edu.au/biogs/A020359b.htm
  10. Encyclopædia Britannica, Otto Heckmann
  11. «Nachrufe : Alfred Weigert». Mitteilungen der Astronomischen Gesellschaft Hamburg 76: 11. 1993. Bibcode:1993MitAG..76...11. 
  12. Donald E. Osterbrock; Walter Baade (2001). Walter Baade: A Life in Astrophysics. Princeton University Press. ISBN 0-691-04936-X.